Nytt
Små Hjørundfjord-bygder får fiber
Tussa byggjer ut fiber på Leknes, Urke og Øye etter at Ørsta kommune har fått statleg tilskot.
04.03.2020
- Samfunnsmessig er dette eit flott prosjekt. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra til at så mange som mogleg i området vårt får fiber. I dag er fiber og gode kommunikasjonsløysingar like viktig som veginfrastruktur og straum for å oppretthalde busetnaden og bedrifter i bygdene, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, i ei pressemelding onsdag.
Prosjektet er eits amarbeid mellom Tussa og Ørsta kommune der Ørsta kommune har søkt og fått tilskot på 3 millionar kroner frå den statlege tilskotsordninga for fiberutbygging. Saman med kommunale midlar utgjer dette eit bidrag på 3, 24 millionar kroner for å realisere utbygginga.
Om lag 50 husstandar og fem bedrifter vil få tilbod om å kople seg på fibernettet. Målet er at kundane skal vere kopla opp før jul i år.
Utbygginga vil gi innbyggjarane på Leknes, Urke og Øye eit raskare og meir stabilt breiband enn dei har i dag, godt trådlaust nett og den nyaste TV-boksen frå Get.I tillegg sørgjer utbygginga for fiberaksess til mobilmaster i området, noko som gir høg oppetid og kapasitet på mobilnettet. Fiberaksess til Tussa sitt kraftverk på Urke inngår også i utbygginga.
- Dette er ei av dei få større sonene som står igjen. Denne utbygginga vil styrke infrastrukturen i Hjørundfjorden både for dei som bur der, det aukande reiselivet, og det vil sjølvsagt vere svært positivt for beredskapen i området.
- Kommunen vil halde fram arbeidet for at også dei få andre attverande sonene skal få utbetra nettsambanda sine, seier Eldar Øye, assisterande kommunedirektør i Ørsta kommune, i pressemeldinga.
Tussa opplyser at salet av fiber både til fastbuande og fritidsbustader startar i april. For at utbygginga skal bli realisert er det ein føresetnad at mange av innbyggjarane og bedriftene tingar fiber. Oppnår ein tilstrekkeleg kundegrunnlag vil utbygginga kunne starte opp i løpet av sommaren.
Sidan ein ikkje kan nytte statlege midlar til å byggje fiber til fritidsbustader, vil mange av dei som har hytte eller fritidsbustad i området kunne få tilbod om fiber på kommersielle vilkår, vert det opplyst.
Prosjektet er eits amarbeid mellom Tussa og Ørsta kommune der Ørsta kommune har søkt og fått tilskot på 3 millionar kroner frå den statlege tilskotsordninga for fiberutbygging. Saman med kommunale midlar utgjer dette eit bidrag på 3, 24 millionar kroner for å realisere utbygginga.
50 husstandar
Tussa opplyser at utbygginga omfattar sjøkabel frå Sæbø til Urke, og vidare til Maude og Øye.Om lag 50 husstandar og fem bedrifter vil få tilbod om å kople seg på fibernettet. Målet er at kundane skal vere kopla opp før jul i år.
Utbygginga vil gi innbyggjarane på Leknes, Urke og Øye eit raskare og meir stabilt breiband enn dei har i dag, godt trådlaust nett og den nyaste TV-boksen frå Get.I tillegg sørgjer utbygginga for fiberaksess til mobilmaster i området, noko som gir høg oppetid og kapasitet på mobilnettet. Fiberaksess til Tussa sitt kraftverk på Urke inngår også i utbygginga.
- Viktig for kommunen
For Ørsta kommune er det viktig å få godt nettsamband over heile kommunen.- Dette er ei av dei få større sonene som står igjen. Denne utbygginga vil styrke infrastrukturen i Hjørundfjorden både for dei som bur der, det aukande reiselivet, og det vil sjølvsagt vere svært positivt for beredskapen i området.
- Kommunen vil halde fram arbeidet for at også dei få andre attverande sonene skal få utbetra nettsambanda sine, seier Eldar Øye, assisterande kommunedirektør i Ørsta kommune, i pressemeldinga.
Tussa opplyser at salet av fiber både til fastbuande og fritidsbustader startar i april. For at utbygginga skal bli realisert er det ein føresetnad at mange av innbyggjarane og bedriftene tingar fiber. Oppnår ein tilstrekkeleg kundegrunnlag vil utbygginga kunne starte opp i løpet av sommaren.
Sidan ein ikkje kan nytte statlege midlar til å byggje fiber til fritidsbustader, vil mange av dei som har hytte eller fritidsbustad i området kunne få tilbod om fiber på kommersielle vilkår, vert det opplyst.
Publisert: 04.03.2020 15:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53