Solide tal fraa Tess Moere
TESS: Slik reklamerer Tess for sin slangevaktteneste, som er ei organisert vaktordning for akutt hjelp.
Nytt

Solide tal frå Tess Møre

Tess Møre auka driftsinntektene med 44 millionar kroner og resultatet før skatt med åtte millionar kroner. Det meste av pengane vert liggjande att lokalt.

06.08.2014
- Ja, det har gått veldig bra. Også 2014 ser ut til å verte eit godt år, seier adm. dir. Øyvind Brox i Tess Møre.
Driftsinntektene kom i fjor totalt opp i 305 millionar kroner og resultatet før skatt enda på 26 millionar.
- Dette er eit resultat av at det går godt i næringslivet i regionen. Men sjølv om vi har mest sal inn mot den maritime industrien, har vi kundar som spenner frå den minste bonde, til kommunar og til den største offshorebåten.

Nye i Måløy

Tess Møre har hovudkontor i Ålesund, men har servicesenter heile femten plassar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
I Møre og Romsdal er selskapet lokalisert i Molde, Kristiansund, Rauma, Sunndalsøra, Herøy, Ulstein, Haram, Volda og Aukra, i tillegg til Ålesund.
I Sogn og Fjordane er ein på plass i Måløy, Florø, Stryn, Årdal, Sogndal og Førde.
Måløy kom inn på lista i fjor.
- Vi har vorte svært godt mottekne i Måløy, seier Brox.

Lite utbytepress

Hovudkontoret til heile Tess-konsernet er derimot i Drammen. Konsernet har meir enn 900 tilsette og omsette i 2013 for 2,6 milliardar kroner.
Konsernet er i hovudsak eigd av dei to gründarane Eirik Jølberg og Olav Nygaard. Dei tek ut svært lite utbyte frå dei regionale delene av konsernet. Dette er Brox glad for.
- Utbytet er minimalt. Det meste av overskotet vert reinvestert lokalt. For oss er dette ei stor tillitserklæring.

Nest største region

Tess har spesialisert seg på å levere ei lang rekkje tenester og produkt, men der sveisemateriell og slangeprodukt er dei mest sentrale.
Mellom anna leverer Tess spesialslangar til mange produkt innanfor hydraulikk og subsea.
Tess Møre er det nest største regionselskapet i Tess-konsernet. Berre Bergen-styrte Region Vest er større.

113 tilsette

Totalt var det ved årsskiftet 113 tilsette i Tess Møre, derav 20 kvinner.
Selskapet har også vakse siste åra, og i 2013 kjøpte Tess Møre 51 prosent av rørleggarbedrifta Rørtek i Ålesund.
Brox seier at ein ikkje har planar om å etablere seg fleire stader med det første.
- Dette er noko vi kontinuerleg ser på, men vi har ikkje konkrete planar.

Høgt sjukefråver

Sjølv om resultata for Tess Møre er gode, hadde ein eit høgt sjukefråver i 2013. Sjukefråveret var på heile 9,98 prosent, opp frå 6,16 prosent året før. Styret skriv i si årsmelding at det er sett i verk fleire tiltak for å redusere sjukefråveret.
Styret ser uansett lyst på utviklinga framover. Her vert det vist til at kundane har ein god ordreinngang. Spesielt gjeld det verftsnæringa på Nordvestlandet og produsentane av skipsutstyr.
Det vert også vist til at oljerelatert industri, herunder baseverksemd og supply, har styrka posisjonen i regionen.
Når det gjeld leveransar til fiskerinæringa vert det vist til at det er store svingingar, men at lønsemda no er god.
Det meste av overskotet vert reinvestert lokalt. For oss er dette ei stor tillitserklæring

Publisert: 06.08.2014 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36