Nytt
Solstad + Rem = Sant
Kjell Inge Røkke fekk det som han ville. Rem Offshore slår seg saman med Solstad Offshore. Fosnavåg står sentralt i satsinga.
28.07.2016
Dette opplyser selskapa i ei børsmelding torsdag.
Avtalen vart signert onsdag kveld. Dei tilsette i Rem Offshore vert informerte klokka 08.30 torsdag.
- Det er ein omfattande avtale, men som sikrar at hovudbasen framleis vert Fosnavåg. Dette var viktig for oss, seier styreleiar og hovudaksjonær Åge Remøy i Fosnavåg-selskapet Rem Offshore, før han skal møte dei tilsette.
- Eg er tilfreds med at det samanslåtte selskapet vil tilføre substansiell aktivitet til Fosnavåg, med potensiale for ytterlegare auke, noko som vil bidra til å sikre utviklingspotensiale for regionen og stabilt med arbeide for nær 500 høgt kvalifiserte tilsette.
Også konsernsjef Arild Myrvoll er nøgd.
- Frå eit kommersielt perspektiv, samanslåinga vil styrke produktiviteten og lønsemda, samstundes som ein vil forbetra marginar og redusere dødtida gjennom kost- og operasjonelle synergiar.
- Både Solstad og Rem ser det som nødvendig å byggje større einingar med finansiell og operasjonell styrke til å stå imot nedturen.
- Samanslåinga av Solstad og Rem er eit steg i rett retning, men det trengst ytterlegare konsolidering, seier han.
Det var også Aker som var arkitekten bak at Rem sin opphavlege refinansieringsplan vart stemt ned, og dermed sette Rem i spel.
For Aker var Rem første oppkjøpsmålet.
Konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker meiner at samanslåinga er nødvendig i dagens marknad.
Saman med Akers styrke og ekspertise, meiner Eriksen ein her har fått ei solid plattform for vidare utvikling av offshoreindustrien.
Formelt skjer fusjonen med eit av Solstad sine dotterselskap.
Her kan du lese heile avtalen:
Saka vert oppdatert.
Avtalen vart signert onsdag kveld. Dei tilsette i Rem Offshore vert informerte klokka 08.30 torsdag.
- Det er ein omfattande avtale, men som sikrar at hovudbasen framleis vert Fosnavåg. Dette var viktig for oss, seier styreleiar og hovudaksjonær Åge Remøy i Fosnavåg-selskapet Rem Offshore, før han skal møte dei tilsette.
Trur på auka aktivitet
I børsmeldinga seier Åge Remøy seg nøgd med avtalen.- Eg er tilfreds med at det samanslåtte selskapet vil tilføre substansiell aktivitet til Fosnavåg, med potensiale for ytterlegare auke, noko som vil bidra til å sikre utviklingspotensiale for regionen og stabilt med arbeide for nær 500 høgt kvalifiserte tilsette.
Også konsernsjef Arild Myrvoll er nøgd.
- Frå eit kommersielt perspektiv, samanslåinga vil styrke produktiviteten og lønsemda, samstundes som ein vil forbetra marginar og redusere dødtida gjennom kost- og operasjonelle synergiar.
Berre første steg
Konsernsjef Lars Peder Solstad i Solstad viser til at det er svært usikre tider for offshoreselskapa, med opplag og lave dagrater. Han meiner også at det er for mange små aktørar.- Både Solstad og Rem ser det som nødvendig å byggje større einingar med finansiell og operasjonell styrke til å stå imot nedturen.
- Samanslåinga av Solstad og Rem er eit steg i rett retning, men det trengst ytterlegare konsolidering, seier han.
Røkke vann fram
Aker og Kjell Inge Røkke har vore pådrivar for avtalen, etter at Aker gjekk tungt inn i Solstad for å bidra til ei konsolidering av offshorebransjen etter å ha seld seg ut av Havfisk.Les her:
Det var også Aker som var arkitekten bak at Rem sin opphavlege refinansieringsplan vart stemt ned, og dermed sette Rem i spel.
For Aker var Rem første oppkjøpsmålet.
Les her:
Konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker meiner at samanslåinga er nødvendig i dagens marknad.
- Solid plattform
Han seier i ein kommentar at det felles selskapet vil bidra til betydelege synergiar og lavare kostnader.Saman med Akers styrke og ekspertise, meiner Eriksen ein her har fått ei solid plattform for vidare utvikling av offshoreindustrien.
Formelt skjer fusjonen med eit av Solstad sine dotterselskap.
Her kan du lese heile avtalen:
Saka vert oppdatert.
Samanslåinga av Solstad og Rem er eit steg i rett retning, men det trengst ytterlegare konsolidering
Publisert: 28.07.2016 08:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59