Frank Reite tok måndag plass i vitneboksen i Oslo tingrett for å gi si forklaring i striden om refinansieringa av Solstad-reiarlaget.
Den mangeårige partnaren til Kjell Inge Røkke står sentralt i søksmålet Kistefos har teke ut mot mellom Aker, rådgivarane i Pareto og Solstad-leiinga.
– Rolla mi har vore kjent heile vegen, svara Reite i retten på spørsmål om på noko vis deltok i refinansieringa på ein måte som dei andre i saka ikkje var kjent med.
Melde seg inhabil
Reite var i ei årrekke Aker sin mann i Solstad-reiarlaget via Ålesund-selskapet Converto. Dei hadde ansvaret for eigarskapen i reiarlaget fram til den siste refinansieringa – som striden i tingretten står om.
Reite fortalde at han tidlegare ikkje har fått kritikk eller innvendingar mot arbeidet med offshorereiarlaget. Tvert i mot har retten fått høyre at Aker var svært godt nøgd med jobben som blei gjort.
Då Aker kom med sitt bod på Solstad i september 2023 melde han seg inhabil – og handteringa av eigarskapen blei løfta over i Aker – der konsernsjef Øyvind Eriksen fekk ansvaret for prosessen vidare.
Frå det tidspunktet var Reite i praksis ute av prosessen, og blei mellom anna utestengt frå styreportalen til Solstad.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
Utsett for ein rekke grove skuldingar
I søksmålet frå Kistefos er det retta ein rekke grove skuldingar mot Reite.
Han blir skulda for illojal dobbelrepresentasjon, å ha misbrukt informasjon, aktlaus handtering av rolla som Solstad-representant – og for å ha lagt til rette for ein transaksjon i strid med reiarlaget si interesse.
Reite har vore tydeleg på at han finn det vanskeleg å forstå Kistefos sine påstandar.
– Det hadde gjort det litt enklare viss nokon hadde greidd å forklare det på ein måte som gjorde at eg også forstod det, svara han på eit av advokatens spørsmål.
Motparten stiller spørsmål tysdag
Tysdag kan det vere sunnmøringen får svar på noko av det han lurar på. Då held rettssaka fram mellom anna med spørsmål frå motparten sine advokatar.
Kistefos-sida meiner også at Aker trua og la urimeleg press på Pareto og Solstad.
Måndag påpeika Reita at han aldri hadde høyrt snakk om at Aker verkeleg ville sparke Pareto frå rådgivarjobben, eller til eksempel nulle aksjane til reiarsjef Lars Peder Solstad.
Begge delar har vore drege fram frå motparten.
– Noko slikt blei aldri diskutert med meg, sa Reite.
– Kjell Inge er den som utfordrar
Reite viste til at Aker sidan 2016 hadde hatt eit godt forhold til Solstad, men at dei i løpet av prosessen opplevde manglande respons på deira utspel.
Samtidig hadde Røkke på det tidspunktet investert kring 900 millionar kroner – som «meir eller mindre var tapt på gitte tidspunkt», understreka Reita.
– Då er rollene slik at Kjell Inge er den som utfordrar, medan Øyvind er den som dreg det litt inn igjen. Av og til er også eg den som må dra ting litt inn igjen, sa han.
Reite påpeika at Røkke sjølv også sette pris på å bli utfordra.
– Det er kanskje ein av grunnane til at eg har overlevd i 30 år i det systemet – at eg har turt å utfordre, la han til.
Publisert: 18.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 17.11.2025 22:19






