Veronika Kalland Aurland Ålesund Fahano Egon foto Ogne
17 ÅRSVERK: Egon-sjef Veronika Kalland Aurdal sysselsette 17 årsverk i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spådde rekord, og fekk rett

27 prosent inntekstvekst for Egon i Ålesund frå 2021 til 2022.

30.06.2023

Før koronapandeminen låg driftsinntektene til Ålesund Fahano, som driv Egon-restauranten i Ålesund, i fleire år rundt 25 millionar kroner i året.

I koronaåra 2021 og 2022 fall inntektene til 22 og 23 millionar.

Då NETT NO snakka med dagleg leiar Veronika Kalland Aurdal tidleg i fjor haust låg ho så godt an at hos spådde 2022 kom til å gi selskapet den høgste inntekta selskapet hittil har hatt.

- Vi gjer tidenes år i år. Vi slår alle rekordar, sa Kalland Aurdal om 2022.

Fasiten kan du lese i tabellen under artikkelen, inntektene auka til nesten 30 millionar kroner og lønsemda auka enda meir.

Ålesund Fahano har i ei årrekkje vore mellom dei største og mest lønsame restaurantbedriftene i Ålesund.

Resultatmarginen, resultat før skatt i prosent av driftsinntekten - var 11,1 prosent i fjor.

Dei 10 største restaurantselskapa på Nordvestlandet hadde i gjennomsnitt ein resultatmargin på 7,8 prosent i 2021.

Ålesund Fahano as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt29,623,2
Driftsresultat3,02,3
Resultat før skatt3,32,3

Publisert: 30.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.07.2023 00:09

Mer om