Egon-sjefen i Ålesund: – Vi slår alle rekordar
Allereie i fjor var restaurantbransjen på Nordvestlandet større enn før korona. Sjå resultatoversikt.
- Vi gjer tidenes år i år. Vi slår alle rekordar, seier Veronika Kalland Aurdal om 2022. Ho er dagleg leiar i Egon-restauranten i Ålesund, som i ei årrekkje har vore ein av dei største og meste lønsame av restaurantane i Ålesund.
Egon i Ålesund kom seg også godt gjennom koronaåra 2020-2021.
Då pandemien kom i mars 2020 stengde restauranten og permitterte dei tilsette, men i midten av mai opna restauranten gradvis opp igjen.
Ikkje permittert sidan våren 2020
Kalland
Aurdal har ikkje permittert tilsette sidan, trass i svingande
smittevernrestriksjonar som har redusert inntektsgrunnlaget for bransjen
undervegs.
Det har blant anna betalt seg ved at ho ikkje har mista tilsette undervegs, som har vore eit generelt problem i bransjen. Men det har også kravd ekstra innsats for å trekkje til seg kundar.
-Vi har vore meir på heile tida, seier Kalland Aurdal.
Auke på 20 prosent i fjor
Korleis det gjekk med restaurantane på Nordvestlandet i 2021 og 2020 kan du lese i tabellen under artikkelen.
Det er snakk om over 40 bedrifter, med ei samla driftsinntekt på 418 millionar kroner i 2021. Det er ein auke i driftsinntektene for bransjen på heile 22 prosent frå 2020 til 2021.
Mesteparten av veksten frå 2020 til 2021 kan forklarast med at samfunnet var meir nedstengt i det første koronaåret enn i det andre.
Men det som kanskje er meir overraskande er at driftsinntektene i 2021 også var høgare enn i 2019 - siste året før korona, sjølv om bransjen måtte leve med koronarestriksjonar i deler av fjoråret.
I 2019 hadde restaurantbransjen på Nordvestlandet omlag 350 millionar
i driftsinntekter, i 2020 var driftsinntektene 341 millionar.
Storleik løner seg
Brukar vi lønsemda som
målestokk kan vi også konkluderer med at restaurantbransjen greidde seg
godt gjennom pandemien. Lønsemda steig frå 2019 til 2020, og i fjor var lønsemda i bransjen omlag på 2019-nivå.
Resultat før skatt i prosent av driftsinntekter (resultatmargin, journ. anm.) var 2,6 prosent i 2021, mot 6,7 prosent i 2020.
2,6 prosent er relativ låg lønsemd, men gjennomsnittstala gir ikkje eit heilt dekkande bilete av den økonomiske situasjonen.
Ser vi berre på selskapa med over 10 millionar kroner i driftsinntekter var resultatmarginen i fjor 5,3 prosent.
Avgrensar vi oss til dei 10 største selskapa, som står for i overkant av halvparten av dei samla driftsinntektene til bransjen, var resultatmarginen 7,8 prosent. Med eitt unntak gjekk alle dei 10 største restaurantane i pluss i fjor.
Fleire mindre og mellomstore selskap driv også med lønsemd godt over gjennomsnittet, sjølv om det av 11 selskap med minusresultat var sju med under 10 millionar kroner i driftsinntekter.
– Har vore ein enorm vekst
Egon-sjef Veronika Kalland Aurdal flytta til Ålesund for ni år sidan. Då hadde ho allereie arbeidd fleire år i kjeda i Oslo.
Overgangen frå restaurantmarknaden i Oslo til Ålesund var veldig stor.
- Det var som å kome på bygda, seier ho. I dag er marknaden i Ålesund ein heilt annan enn for ni år sidan.
- Det har vore ein enorm vekst, seier Kalland Aurdal. Mellom anna er også lunsjmarknaden veksande.
Ho trur veksten er sjølvforsterkande.
- Vi dreg meir folk ut for å spise når det er meir å velge i, seier ho.
Nye aktørar - og nokre har forsvunne
I løpet av året har Folk Spiseri i Ulsteinvik avvikla drifta. Fugl Føniks Drikke & Bar i Ørsta melde også oppbod og la ned drifta i lokala der nye Tik Café og Restaurant snart opnar.
Restauranten Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial driv ikkje lenger, men der har Restauranten Havfruen utvida sine lokale mykje hadde i fjor høgare driftsinntekter enn Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial hadde på topp.
I Volda har nykomaren Brør Mat og Bryggeri hatt sitt første driftsår, med overskot. T2 Scene og Dampsentralen i Ålesund hadde også startår i fjor, med minusresultat.
Sjøbua i Ålesund var ei av bedriftene som fekk ein koronasmell selskapet ikkje greidde seg gjennom, men eigarane starta den tradisjonrike restauranten på ny.
På lista over nykomarar er også Eggen Restaurant på toppen av gondolbana over Åndalsnes, thairestauranten ThaiThai. Lystgaarden Bar & Restaurant i Ålesund har vore gjennom eigarskifte og skal gjennoppstå med eit nytt konsept.
Restauranter på Nordvestlandet | |||||
Tal i mill. kroner | |||||
Drifts- inntekter | Resultat f. skatt | ||||
Restaurant | Selskap (Kommune) | 2021 | 2020 | 2021 | 2020 |
Egon (Molde) | Nordrift as (Molde) | 30,2 | 26,1 | 5,2 | 4,1 |
Glass Restaurant | Glass Restaurant as (Molde) | 25,1 | 19,2 | 2,9 | 2,7 |
Bro,Bryt | Bro as (Ålesund) | 24,1 | 18,2 | 0,3 | -2,0 |
Zuuma | Seagrasp as (Ålesund) | 23,4 | 22,0 | 3,2 | 3,9 |
Egon (Ålesund) | Ålesund Fahano as (Ålesund) | 23,2 | 22,2 | 2,3 | 2,7 |
Hoven Restaurant & Bar | Hoven Restaurant (Stryn) | 21,4 | 17,2 | 1,9 | 2,3 |
Rød | MB Drift as (Molde) | 17,9 | 14,3 | 2,1 | 1,3 |
XL Diner, Milk | Skateflua as (Ålesund) | 15,8 | 18,8 | 1,5 | 2,2 |
Anno | Øyavind as (Ålesund) | 15,6 | 17,4 | 0,2 | 2,5 |
Apotekergata No 5 | Restauranthuset Apotekergata 5 as (Ålesund) | 15,3 | 11,7 | -3,1 | -1,9 |
Stryn Kaffebar & Verftshus | Stryn Kaffebar & Vertshus as (Stryn) | 14,6 | 13,4 | 1,0 | 2,0 |
Molo Brew (Ålesund) | Molo Brew as | 13 | 12,4 | -2,6 | -1,4 |
Køl Bar og Bistro (Molde) | Køl Molde as | 13 | 11,0 | -0,2 | 0,6 |
Eggen Restaurant | Romsdalen Matopplevelser as (Rauma) | 11,2 | -1,3 | ||
Happy Elefante | K19 Food as (Ålesund) | 10,9 | 10,6 | 1,1 | 2,3 |
Havfruen | Havfruen Måløy as (Måløy) | 9,7 | 4,2 | 0,7 | 0,1 |
Smile Thai & Sushi | Smile as (Molde) | 8,6 | 6,8 | 0,0 | 0,2 |
Skotholmen | Kami Skotholmen as (Herøy) | 8,4 | 5,7 | 0,7 | 0,4 |
Hvelvet Bistro | Hvelvet Bistro as (Rauma) | 8,2 | 4,4 | 0,1 | -0,1 |
Kaffehuset Dråpe | Dråpe Ålesund Kaffehus as (Ålesund) | 7,7 | 7,0 | 0,2 | 0,4 |
Thai Thai | Thai Thai Ålesund as (Ålesund) | 7,1 | -0,4 | ||
Milano Ristorante Molde | Milano Ristorante Molde as (Molde) | 7,1 | 7,0 | -0,3 | -0,2 |
Cinque Minuti | Cinque Minuti as (Ålesund) | 6,8 | 2,5 | 0,3 | -0,4 |
Long Cheng Restaurant | Long Cheng Restaurant as (Ålesund) | 6,3 | 6,8 | 0,4 | 0,0 |
Raus | Restaurant Raus as (Sykkylven) | 6,6 | 5,9 | 0,2 | -1,0 |
Nonna Lina | Nonna Lina as (Åndalsnes) | 6,4 | 6,7 | 0,5 | 1,0 |
Amore Pizzerie & Restaurant | Jila Milano Pizzeria as (Vestnes) | 6,3 | 4,8 | 1,1 | 0,3 |
Tajmahal Tandoori | Tajmahal as (Ålesund) | 6 | 5,8 | 0,7 | 0,9 |
Sødahlhuset | Sødahlhuset as (Rauma) | 5,6 | 5,6 | 0,2 | 0,6 |
Sjøbua | Sjøbua Restauranthus as (Ålesund) | 8,3 | 5,4 | -0,3 | 0,1 |
Tandori Guru | Tandoori Guru as (Molde) | 5,2 | 5,3 | -0,7 | 0,4 |
Dampsentralen | Dampsentralen as (Ålesund) | 4,6 | -3,4 | ||
Aske | Aske Bryggeri as (Stad) | 4 | 4,1 | 0,0 | 0,0 |
Folk Spiseri* | Folk Spiseri as* (Ulsteinvik) | 3,5 | 3,6 | 0,1 | 0,0 |
Brør Mat og Bryggeri | Brør Mat og Bryggeri as (Volda) | 3,3 | 0,8 | ||
Maluns Restaurant | Maluns as (Ulsteinvik) | 3 | 3,1 | 0,2 | 0,3 |
T2 Scene | T2 Scena as (Ålesund) | 2,9 | -4,4 | ||
Orient Bar Restaurant | Restaurant Scandinavie as (Ålesund) | 2,8 | 4,0 | 0,2 | 0,3 |
Restaurant H.K. | Restaurant H.K. as (Ålesund) | 2,6 | 2,1 | 0,3 | -0,3 |
Rekkedal Gjestehus | Rekkedal Gjestehus as (Ørsta) | 2,5 | 1,7 | 0,4 | 0,2 |
Restaurant 34 | Tre Gode Venner as (Stryn) | 1,9 | 1,9 | -0,6 | -1,0 |
Lyst | Lystgaarden Bar & Restaurant as (Ålesund) | 0,9 | 6,4 | -1,1 | 0,1 |
Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial | Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial as (Måløy) | 0,1 | 1,5 | -0,5 | -0,2 |
SUM | 421,1 | 346,8 | 10,3 | 23,0 | |
*Folk Spiseri er avvikla i år | |||||
Definisjonen av restaurant er basert på skjønn. Saknar du nokon på lista, send oss gjerne ei melding |
Publisert: 09.09.2022 11:17
Sist oppdatert: 27.03.2023 15:03