Sparebank 1 SMN la tidleg torsdag fram tal for 4. kvartal som viser lønnsam vekst og solid drift, ifølgje børsmeldinga frå banken.
Inntektene og overskotet for 4. kvartal enda opp litt under same kvartal i fjor – og det same gjorde tala for heile 2025 (sjå tabell under).
Likevel gir effektiv drift og god soliditet det mogleg å betale eit godt utbyte til eigarane, opplyser banken.
Styret vil sette av 13,5 kroner per eigenkapitalbevis i utbytte – ei krone meir enn året før. Det gir ei samla utbetaling til eigarane på 1,95 milliardar kroner – om lag 150 millionar meir enn året før. Også gåveutbetalingane til samfunnsnyttige formål aukar frå 896 til 968 millionar kroner.
Saka held fram under
| Sparebank 1 SMN | ||
| Per 4. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Inntekt | 9.068 | 9.123 |
| Resultat før tap | 5.589 | 5.823 |
| Resultat før skatt | 5.449 | 5.647 |
| Sparebank 1 SMN | ||
| 4. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Inntekt | 1.349 | 1.372 |
| Resultat før tap | 1.387 | 1.335 |
| Resultat før skatt | 1.326 | 1.305 |
Satsar på is i magen
Usikkerheita kring den makroøkonomiske utviklinga gjer gir auke «utfallsrom» for vekst, inflasjon og renter.
Banken satsar på at ein strategi med å ha is i magen og ein robust og variert plattform for inntekter, vil står seg godt – også i ein situasjon med lågare rentenivå.
Tilgangen på finansiering er framleis god og banken har framleis låge tapstal.
Droppar å erstatte tilsette
Banken har i løpet av dei siste åra styrka si satsing på finanshusmodellen. Samtidig gjer dei grep for å redusere kostnadsveksten, mellom anna ved at berre halvparten av tilsette som sluttar, vil bli erstatta.
Det vil gi ei anslått effekt på kring 45 årsverk, tilsvarande 55 millionar kroner, opplyser banken.
Publisert: 12.02.2026 11:04
Sist oppdatert: 12.02.2026 11:04






