Ole Magnus Orlien Olaf Andreas Eskeland Stig Brautaset Sparebank1 Søre Sunnmøre Foto Ogne
VEKSTMARKNAD. Sparebank1 Søre Sunnmøre satsar meir på rådgiving om formuesforvaltning. Ole Magnus Orlien (t.v) har ansvaret for rådgivingsavdelinga. Banksjef økonomi og finans Olav Andreas Eskeland i midte og administrerande Stig Brautaset til høgre med grafikken som viser utvikling av forvalta kapital i bakgrunnen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nådde milliardmål tre år før planen

Sparebank1 Søre Sunnmøre ser «enorm marknad med eit enormt potensiale» i formuesforvaltning.

11.02.2022

I 2020 fekk Ole Magnus Orlien ansvaret Sparebank1 Søre Sunnmøre si satsing på formuesforvaltningrådgiving, med mål om å ha kundar med ein milliard kroner plassert innan 2024. Det målet vart nådd allereie i fjor.

- Dette er ein enorm marknad med eit enormt potensiale, seier Orlien.

Sal av etablerte bedrifter har frigjort store formuer på Nordvestlandet dei siste åra, i ein omfang og med verdiar som ein var heilt ukjent for få år sidan seier administrerander direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Det er ei utvikling som banken ventar vil forsterke seg framover.

I løpet av det siste året har han og to kollegaer i avdelinga arbeidd med ti transaksjonar som har frigjort minst 10 millionar kroner kvar, seier Orlien.

Mest privatkundar
I 2018 var det forvalta rundt 250 millionar kroner etter råd frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.

I 2020 var det oppe i ein halv milliard, og i fjor passerte summen ein milliard.

Innan to-tre år vil to milliardar vere passert, trur banken.

Omlag 75 prosent av midlane er eigd av privat eller bedrifter, resten av kommunar og andre aktørar i offentleg sektor.

Banken gir råd om korleis pengane skal plasserast, den daglege forvaltninga er gjort av forvaltningsselskap og fond.

Vil vekse i Nordfjord
Sparebank 1 Sørs Sunnmøre vurderer å etablere kontor i Stryn i løpet av året.

-Vi ser det som ein naturleg ekspansjon, seier administrerande direktør Stig Brautaset om etablering av kontor i Nordfjord, med Stryn som mest sannsynlege stad for det første kontoret i Nordfjord.

Banken la fram tala for 2021 i dag.

Les børsmelding her

Satsar i Oslo

Like før koronaepidemien kom etablerte Sparebank1 Søre Sunnmøre også eit kontor i Oslo, der tilsette frå Sunnmøre skulle arbeide på rotasjon.

Smitteverntiltaka la ein dempar på aktiviteten på kontoret i Oslo, men no har banken bestemt seg for å tilsette ein person i fast stilling i Oslo. Oslo-kontoret blei godt tatt i mot, og banken ønskjer å styrke satsinga der, ifølgje Brautaset.

Koronapandemien har råka privatøkonomi og næringsliv langt mindre enn frykta då den kom, ifølgje Brautaset.

- Vi har aldri hatt så lite overtrekk og misleghald som i denne perioden, seier han.

I bedriftsmarknaden har banken hatt null konkursar som skuldast koronaepidemien.

Sparebank1 Søre Sunnmøre
Pr. 4. kvartal20212020
Inntekter296,5294,6
Resultat før tap160,9167,3
Resultat før skatt151,2143,2
Sparebank1 Søre Sunnmøre
4. kvartal20212020
Inntekter64,375,2
Driftsresultat25,441,1
Resultat før skatt20,733,6

Publisert: 11.02.2022 10:08

Sist oppdatert: 11.02.2022 12:59

Mer om