Trond nydal foto sparebanken more 2
GOD PERIODE: Administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre fortel om en travel haust i positiv forstand.
Nytt

Sparebanken Møre passerte milepåle

Sterk utlånsvekst og over 100 milliard i forvaltingskapital.

Sparebanken Møre hadde ein utlånsvekst på 8,2 prosent siste 12 månader – som er dobbelt så høgt som marknadsveksten. 

Det kjem fram av bankens rapport for 3. kvartal som blei offentleg torsdag morgon. 

Sjå presentasjon av resultatet (ekstern lenke)

I same periode passerte også regionbanken 100 milliardar i forvaltingskapital, ifølgje børsmeldinga.

Nyleg fortalde banken om eit rekordår for forvaltingsmiljøet. Nyleg starta også Ole-Magnus Orlien som skal utvikle banken sine tilbod vidare. 

Resultatet før skatt for kvartalet enda på 366 millionar – 33 millionar høgare enn same periode i fjor.

Resultatet før skatt for dei tre første kvartala i år var på 1093 millionar, mot 937 millionar i same periode i fjor (sjå tabell under).

– Generelt ser vi at det er god aktivitet på mange område. Også ser vi det er enkelte næringar som er litt meir utsett enn andre, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre til Nett No.

Han seier det har vore auka aktivitet både i bedrift og privatmarknaden. Banken har ein sterk pågang av nye bustadlånkundar og god auke i utlån til næringslivet, blir det opplyst i ei pressemelding om resultatet. 

Veksten i næringslivet skriv seg mykje frå fiskeri og energimarknaden, opplyste finansdirektør John Arne Winsnes under kvartalspresentasjonen tidleg torsdag. 

Ei svak norsk krone støttar aktiviteten i eksportintensiv region som Møre og Romsdal. Det er også utsiktar til at aktiviteten vil halde seg god oppe – med ein låg arbeidsløyse også framover. 

– Det er optimisme og positive utsikter på Nordvestlandet, fortalde Trond Nydal under resultatpresentasjonen. 

Han påpeika at tal frå Norges Banks rapport «Regionalt nettverk» viste at regionen var den som viste mest positive utsikter i landet. 

Saka blir oppdatert

Sparebanken Møre  
3. kvartal. i mill. kroner20242023
Inntekt626573
Resultat før tap383367
Resultat før skatt366333
Sparebanken Møre  
Per 3. kvartal. i mill. kroner20242023
Inntekt1.8121.618
Resultat før tap1.0921.001
Resultat før skatt1.093937

Publisert: 24.10.2024 07:43

Sist oppdatert: 24.10.2024 09:17

Mer om