Shortsal betyr at investorar forpliktar seg fram i tid til å selge aksjar dei i utgangspunktet ikkje eig. Det gjer dei som ein spekulasjon i at aksjekursen vil falle, slik at dei kan kjøpe aksjane billegare på børsen og selge vidare til avtalt kurs når avtalen skal innfriast – og behalde differansen som gevinst.
(Går kursen feil veg, sett fra shortspekulantane si side, blir det derimot tap for dei, red. anm.).
Shortsalregisteret til Finanstilsynet viser no at 26 millionar aksjar i Hexagon Composites no er omfatta av shortsal-avtalar. Det er 10,25 prosent av alle aksjane i selskapet.
Opp i år, ned i fjor
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, og er også storaksjonær i Hexagon Purus. Dei lagar tilsvarande produkt for bruk av hydrogen som energiberar.
I siste 12 månardersperiode har aksjekursen i Hexagon Composites falle 78,5 prosent. Botnen vart nådd i slutten av november i fjor, då kursen var 6,34 kroner.
Etterpå har det gått litt oppover, og hittil i år har kursen stige 3,62 prosent. Før børsen opnar måndag var kursen 8,02 kroner, som verdset selskapet til to milliardar kroner.
Verdifall
For Knut Flakk og familien, som eig 8,7 prosent av Hexagon Composites, betyr kursfallet at aksjeposten har krympa frå knappe ein milliard i verdi, til omlag 170 millionar kroner.
Det skreiv Nett No ved oppsummeringa av børsåret 2025 for eigarane av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Publisert: 09.02.2026 08:49
Sist oppdatert: 09.02.2026 09:07






