Færre selskap og lågare verdi. Det er fasiten for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i 2025.
Verdien av Hexagon Composites og Hexagon Purus fall med til saman 9,4 milliardar kroner i løpet av 2025. Det er hovudforklaringa på dei reduserte verdiane.
Dei to selskapa var høvevis på topp og sjetteplass rangert etter børsverdi då 2024 var omme. No er det snakk om fjerde og sjetteplass etter kursfall på over 80 og 70 prosent.
Trump-effekt for grøne løysingar
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Hexagon Composites lagar tilsvarande for bruk av natur- og biogass som energikjelde, og er samstundes største aksjonær i Hexagon Purus.
Begge selskapa har milliardunderskot etter årets ni første månadar i 2025. Årsakene er mellom anna at den politiske støtta til såkalla grøne løysingar i den viktige USA-marknaden, fordampa med presidentskiftet der.
For Knut Flakk og familien, som eig 8,7 prosent av Hexagon Composites, betyr kursfallet at aksjeposten har krympa frå knappe ein milliard i verdi, til omlag 170 millionar kroner.
Norva tatt av børs
Norva24 , med hovudkontoradresse i Stryn vart kjøpt av det britiskbaserte Apak Fund og tatt av børs i mai i år.
Ved utgangen av 2024 var Norva24 verdsett til knappe fem milliardar kroner og var det tredje mest verdifulle børsnoterte selskapet på Nordvestlandet. Det britiske bodet verdsette selskapet til rundt sju milliardar kroner. Det er ein verdi som ingen andre børsnoterte selskap i regionen kan måle seg med ved utgangen av 2025.
Sjå tabell for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet under
Salet gav mellom anna tresifra millionbeløp i inntekt til medgrunnlegarane av Norva24 i Stryn. Samstundes vart Nordvestlandet eit børsnotert selskap fattigare.
Justert for verdien av Norva24 fall verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet frå 25,4 til 18,4 milliardar kroner i løpet av 2025.
Ingen nye sidan 2021
I åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank - no Tinde Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).
Etterpå har ikkje fleire selskap frå regionen gått på børs, og lista over noterte selskap med adresse eller sterk og dominerande tilknytning til Nordvestlandet, har krympa.
Mobiltelefonselskapet Nortel blei kjøpt opp og tatt av børs i 2024, torskeoppdrettselskapet Statt Torsk blei slått saman med Vesterålen Havbruk og tatt av børs i januar 2024. Eqva, tidlegare Havyard, vedtok på ei ekstraordinær generalforsamling i romjula 2023 at hovudkontoret skulle flyttast frå Fosnavåg til Kvinnherad. Selskapet selde tidlegare i 2023 skipsverftet Havyard Leirvik, og all verksemda til selskapet er no i Sunnhordland og Bergensområdet.
Bank på topp
Nedturen til Hexagon Purus kombinert med eigen auke i kursen på eigenkapitalbevisa gjorde Sparebanken Møre til Nordvestlandets mest verdifulle børsnoterte selskap i fjor.
Industri- og ingeniørselskapet Endúr auka verdien med nesten to milliardar kroner i fjor. Selskapet omfattar mellom anna Artec Aqua Vaq i Ålesund og har Artec Aqua-grunnleggarane som største aksjonærar. Artec Aqua Vaq har spesialisert seg på å designe og prosjektere nygging av landbaserte oppdrettsanlegg.
Berre fire av 14 selskap i Nett No si oversikt hadde ei positiv kursutvikling i fjor. I tillegg til Sparebanken Møre og Endúr er det Havila Kystruten og Arctic Bioscience.
Mot slutten av året fall kursen til Golden Energy Offshore Services etter at reiarlaget melde om knekk i inntektene i tredje kvartal og sviktande spotmarknad. Selskapet trengde påfyll av pengar raskt, og fekk på plass ein emisjon eit par veker før jul. Fasit ved utløpet av året, er eit kursfall på knappe 62 prosent.
| Børsåret 2025 | ||
| Utviklinga for børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
| Børsverdi i mill. kroner | Endring i prosent | |
| Sparebanken Møre | 5826 | 20,62 % |
| Endúr | 4598 | 30,69 % |
| Salmon Evolution | 2401 | -22,31 % |
| Hexagon Composites | 1951 | -82,99 % |
| Havila Kystruten | 924 | 54,48 % |
| Tinde Sparebank | 665 | -2,70 % |
| Hexagon Purus | 613 | -74,46 % |
| Hofseth Biocare | 522 | -22,35 % |
| Atlantic Sapphire | 249 | -61,86 % |
| Havila Shipping | 220 | -52,94 % |
| Golden Energy Offshore Services | 188 | -61,84 % |
| Hav Group | 197 | -10,19 % |
| Arctic Bioscience | 88 | 79,23 % |
| SUM | 18442 | |
Publisert: 30.12.2025 17:10
Sist oppdatert: 30.12.2025 17:13






