Sperre Compressors faar ny eigar
80 ÅR SOM FAMILIEBEDRIFT: Sperre Compressor har vore den viktigaste delen av familieeigde Sperre Mek. Verksted. No tek investeringsfondet Norvestor over.
Nytt

Sperre Compressors får ny eigar

Investeringsfond kjøper ut familien.

27.05.2020
Det er to fond forvalta av Norvestor Equity som kjøper 94 prosent av aksjane i verksemdområdet Sperre Compressors frå Sperre Mek. Verksted. Resten av aksjane blir eigd av leiinga i selskapet, i følgje ei pressemelding.
Prisen er ikkje oppgitt.
Sperre Mek. Verksted er eigd av tredje generasjon i Sperre-familien.

Fem selskap

Transaksjonen omfattar fem selskap; tre sals- og serviceselskap i utlandet (Shanghai, Singapore og Rotterdal), Sperre Sveis i Haram og Sperre Industri på Ellingsøya.
Samla hadde dei fem selskapa 352 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Dei har til saman 113 tilsette.
Startluftkompressor-produsenten Sperre Industri er det største selskapet av dei fem, med 314 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 40 millionar kroner i 2016.

Beheld Sperre Coolers

Det nest største selskapet i Sperre Mek. Verksted-konsenet, Sperre Coolers, er ikkje ein del av handelen.

Det selskapet lagar varmevekslaranlegg som i utgangspunktet var tenkt til kjøling av skipsmotorar og anna utstyr på skip. Dei siste åra har leveransar til oppdrettsbransjen sikra vekst, sjølv om leveranser til reiarlag har gått ned.

Skal vekse

Dei tilsette i selskapa blei orientert om salet i dag klokka 11.
Administrerande direktør Ole Nustad seier det langt på veg blir "business as usual" med dei nye eigarane, der målet er vidare vekst - i hovudsak gjennom organisk vekst.
Sperre Industri har omlag 20 prosent av verdsmarknaden for startluftkompressorar til den maritime marknaden, og jobbar også for å vinne innpass på land, mellom anna i kraftproduksjon.

Tre leiarar på eigarsida

Saman med leiar for salsverksemda, Ole Kristian Aarsund og finansdirektør Jon Kvalø går Nustad inn på eigarsidan saman med Norvestor.
Nustad skal eige 2,5 prosent i selskapet, dei to andre 1,9 prosent kvar.
Transaksjonen skal gjennomførast i februar.

Kvar for seg

Det er Sperre Mek. Verksted som sel aksjane i Sperre Industri og dei fire andre selskapa, men pengane frå salet skal vidare til dei seks eigarane i Sperre Mek. Verksted, seier dagleg leiar og medeigar Erik Langseth.
Han seier det er arbeidd med salet i rundt fire månadar.
Dei seks som eig selskapet er søskenbarn og alle passert 50. Vurderingar om eit generaasjonskifte var med på å utløyse salet.
- Vi sleit litt med å sjå gode løysingar for fjerde generasjon, seier Langseth.
Det er vemodig å selje ut av familie, vedgår Langseth, men meiner eigarane sel ei solid verksemd.
- Sperre Compressor har knapt nok vore sterkare. Vi er veldig fornøgd med arbeidet vi har gjort, seier han.
I tillegg til Sperre Coolers vil Sperre Mek. Verksted eige støyperiet i Riga og eigedomane på Sunnmøre, der Sperre Compressor-bedriftene vil vere leigetakar.
Vi sleit litt med å sjå gode løysingar for fjerde generasjon

Publisert: 27.05.2020 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18