Island offshore
SELD: Standard Supply har kjøpt Island Offshore-skipet Island Defender. Foto: Island Offshore
Nytt

Spetalen kjøper Island Defender

Standard Supply ny eigar av offshoreskipet.

28.06.2022

Ifølgje Tradewinds har det Øystein Stray Spetalen-kontrollerte offshoreselskapet Standard Supply kjøpt PSV-en Island Defender frå Ulstein-baserte Island Offshore.

Kjøpet skal vere gjort til ein pris på 204 millionar kroner, noko som er 30 prosent lavare enn konstruksjonskostnaden på skipet, skriv Tradewinds.

Skipet skal overleverast i oktober.

Ni PSV-ar
I tillegg har Standard Supply kjøpt PSV-en Highland Duke frå Tidewater, og etter dei to kjøpa har Standard Supply ni PSV-ar.

Selskapet henta nyleg inn friske pengar i ein emisjon for å finansiere nye oppkjøp,

Island Defender er ein 86 meter lang og 18,5 meter brei PSV, med eit dekk på 900 kvadratmeter. Lugarkapasiteten er på 26 personar.

Fekk ny eigar
Båten vart opphaveleg bestilt av Island Offshore i 2014, og var under bygging av Vard Brevik.

Men etter at Island Offshore fekk store økonomiske problem i offshorenedturen, valde selskapet å selje skipet. Kjøpar vart Vard som gjennom Shipyard Group Vard overtok eigarskapen av skipet, som vart slept frå Brevik til Brattvåg og ferdiggjort der.

I ein periode overtok Kristiansand-selskapet Viking Supply Ships driftsansvaret for skipet, men i august 2020 overtok Island Offshore på nytt kontrollen over skipet.

Det har ikkje lukkast NETT NO å få ei stadfesting om salet frå Island Offshore.

Publisert: 28.06.2022 13:39

Sist oppdatert: 28.06.2022 17:50

Mer om