B Yggebransjen illustrasjonsfoto Marius
NEDGANG: Alle indikatorene for bygg- og anleggsbransjen peker ned. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Sprikande forventingar i Vestlandsindeksen

Historisk botn-nivå i kvartalsvis temperaturmålar. Alle piler peiker ned for bygg- og anlegg.

06.10.2023

Sparebanken Vest sin kvartalsvise temperaturmålar for stemninga og tilstanden i næringslivet - Vestlandsindeksen - viser i 3. kvartal fall i både resultatindeksen og forventingsindeksen til et historisk botn-nivå.

Resultatindeksen er ein målestokk for utviklinga i lønsemda dei siste tre månadene, medan forventningsindeksen er ein målestokk for forventningane til utviklingea de kommande seks månadane. Skalaen går frå 0 til 100, der 100 er best.

Bygg- og anlegg har historisk lave forventningar, og fell frå 56,0 til 49,5. Alle enkeltindikatorar går tydeleg ned, då særskilt forventningane til lønsemd og etterspurnad, oppsummerer banken.

Opp i olje
På den andre enden av indeksen er altså olje- og gassbedrifter som framleis har høge forventningar, sjølv om dei er litt lågare enn sist kvartal. Indeksen endar på 66,6, noko som tyder på høg aktivitet vidare innan energisektoren, skriv banken.

Vestlandsindeksen omfattar bedrifter frå og med Rogaland i sør, til og med Møre og Romsdal i nord.

Regional skilnad
Vestlandsindeksen for 3. kvartal viser også skilnadar mellom regionane i korleis forventningane endrar seg.

I Hordaland og Møre og Romsdal er forventingane stigande for dei neste seks månadane. Sogn og Fjordane og Rogaland er dei fallande, og banken tolkar dette som eit utviklinga vil bli meir ulik utvikling i dei ulike reginonene på Vestlandet enn det har vore så langt i år.

Publisert: 06.10.2023 09:21

Sist oppdatert: 06.10.2023 09:30

Mer om