Sprikande om krav til nullutslepp
UTSLEPPSKRAV: Knut Flakk i Norwegian Hydrogen meiner utsleppskravet gir moglegheiter til å flytte cruisepasasjerande over på lokal kjøl.
Nytt

Sprikande om krav til nullutslepp

Lokalt næringsliv er uroa, medan Knut Flakk og Corvus-sjefen meiner 2026-målet gir moglegheiter. Bellona etterlyser ein plan.

11.11.2020
(NPK-Margunn Sundfjord): Innspela var både mange og sprikande då eit forslag om å utsetja kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 tysdag var oppe til høyring i næringskomiteen på Stortinget.
Bakgrunnen for høyringa er at tre stortingsrepresentantar frå Frp nyleg fremja forslag om å be regjeringa utsetja kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane til 2030. Forslaget deira byggjer på ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet som rår til det same.
Blant næringslivet i Aurland og Geiranger er det fleire som støttar eit slikt forslag. Dei fryktar at eit krav om nullutsleppskravet frå 2026 vil ha store negative konsekvensar.
– Eit vedtak om nullutslepp rammar to kommunar og lokalsamfunn hardt, Aurland og Stranda, sa hamnesjefen i Aurland, Tor Mikkel Tokvam, under høyringa.
Han meinte at dei såkalla TIER-krava og nullutsleppskravet vil bety null skip om få år og ei rasering av lokalt næringsliv.

Cruiseskip viktig for landstraumanlegg

Ifylgje hamnesjefen er det planlagde landstraumanlegget i Flåm vel så viktig for å få ned utsleppa i verdsarvområdet. Samtidig peikte han på at det trengst inntening og 120 anløp i året for å finansiera gildet. Han meinte difor det er viktig at nullutsleppskravet blir utsett og at det blir gjort tilpassingar i regelverket som legg til rette for landstraum og elektrifisering.
Også styreleiar Knut Helge Kjærvik i Inkon Aurland Næringsråd frykta at nullutsleppskravet skal slå uheldig ut for næringslivet og den grøne omstillinga dei er i gang med lokalt.
– Me er litt redde for at nullutsleppskravet blir ein måte å visa handlekraft på både nasjonalt og internasjonalt, og at me blir litt prøvekanin oppi dette, sa Kjærvik.

Uro i Geiranger

Blant næringslivet i Geiranger har nullutsleppskravet frå 2026 også vekt uro.
– Ein analyse som er gjort viser at nullutsleppskravet vil innebera eit årleg inntektsbortfall på 103 millionar og 41 årsverk, sa styreleiar Jan Ivar Maråk i Geiranger Næringsforening, som frykta at dette kan få dramatiske konsekvensar for heile Geiranger-samfunnet og i neste omgang også for verdsarvstatusen.
Han meinte også at dei såkalla TIER-krava bør gjelda nasjonalt og ikkje berre for verdsarvfjordane.
Også internt i Verdsarvrådet har nullutsleppsvedtaket vekt debatt. Leiar Trygve Skjerdal fortalde at rådet tysdag hadde diskutert seg fram til ei justering av uttalen rådet kom med 23. juni i år til støtte for 2026-kravet, etter at denne ifølgje Skjerdal har ført til ei sterk polarisering innan mellom anna reiseliv, skipsfart og friluftsliv.
– Me vik ikkje unna at Verdsarvrådet si oppgåve er å ta vare på verdsarvfjordane fullt ut, men me ser også at det er andre interesser i desse fjordane som er viktige for at verdsarvfjordane skal kunna ha den statusen som dei fortener, sa Skjerdal.

Nytt håp med ny teknologi

Ikkje alle var einige i det dramatiske biletet som blei teikna av ein del innleggshaldarar. Fleire peikte på at utviklinga av ny teknologi også opnar nye moglegheiter.
Konsernsjef Geir Bjørkeli i Corvus Energy AS var ein av dei som tilbakeviste at eit nullutsleppsvedtak frå 2026 betyr slutt på cruiseskip i verdsarvfjordane.
– Me har ingen problem med å levera batteri og andre nullutsleppsløysingar til cruisenæringa innan 2026. Me er klare allereie i dag, sa Bjørkeli som blei veldig overraska då Sjøfartsdirektoratet foreslo å utsetja nullutsleppsvedtaket til 2030.
Bjørkeli meinte ei utsetjing vil ha ein uheldig signalverdi ute i verda og vera skadeleg for interessa for ny, norsk teknologi.
Også styreleiar Norwegian Hydrogen og dagleg leiar i Flakk Gruppen med hovudkontor i Ålesund, Knut Trygve Flakk, var blant dei som meinte at vedtaket om nullutspel frå 2026 bør haldast oppe.
Han fortalde at dei gjennom selskapet Norwegian Hydrogen er klare til å kunna byrja å levera hydrogen til Geirangerfjorden frå og med 2022.

Trur på lokale moglegheiter

Både Flakk og fleire andre meinte likevel dei store cruisegigantane kan ha problem med å koma i mål med eigna teknologiske løysingar innan 2026. Flakk såg likevel ikkje dette som eit problem, men som ei moglegheit.
– 2026-kravet gjev moglegheiter for lokal og berekraftig utvikling i Geiranger og i Flåm ved at cruisepassasjerar blir flytta over på lokal kjøl, sa Flakk som viste til at det finst reiarlag som vil utvikla og drifta sightseeing-fartøy som kan frakta cruisepassasjerar frå nabohamner og inn verdsarvområdet på nullutsleppsfartøy.
Også frå den maritime klyngja NCE Maritime Clean Tech, som representerer rundt 370 bedrifter, blei det uttrykt uro for kva utsetjing av nullutsleppsvedtaket vil ha å seia for utviklinga av maritim teknologi og norsk industri.

– Trengst realistiske planar

Miljøstiftinga Bellona etterlyste på si side ein plan for korleis nullutsleppsvedtaket er tenkt gjennomført.
– Problemet er ikkje vedtaket i seg sjølv, men planen som skal gjera dette gjennomførbart på ein realistisk måte, sa fagansvarleg for skipsfart, Sigurd Enge, i miljøstiftinga Bellona.
Han slo fast at vedtaket legg eit stort ansvar på alle partar som er involverte – bortsett frå Stortinget sjølv.
– Det følgjer ikkje med nokon planar, ressursar eller pengar, sa Enge som mellom anna meinte at ein slik plan må innehalda økonomiske insentiv som gjer at det er meiningsfullt å investera i ny teknologi.
Tysdag 16. februar skal næringskomiteen koma med si innstilling i saka. Ei veke etterpå, 23. februar, er det duka for debatt i Stortinget.
(©NPK)
2026-kravet gjev moglegheiter for lokal og berekraftig utvikling i Geiranger og i Flåm ved at cruisepassasjerar blir flytta over på lokal kjøl

Publisert: 11.11.2020 17:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04