Møbelstoff-produsenten Innvik i Innvik i Stryn låg an til ei inntekt godt over 100 millionar kroner i 2025 sa dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen til Nett No i februar i fjor.
Den forventninga blei innfridd (sjå tabell).
Innvik sto for 84 prosent av inntektene i konsernet i 2024. Innvik er 70 prosent eigd av Innvik Holding og 30 prosent av det danske tekstilkonsernet Kvadrat.
Konsernet auka inntektene med over 20 prosent i 2025, til 121,5 millionar kroner og betra lønsemda før skatt (sjå tabell).
| Innvik Holding as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 121,5 | 100,5 |
| Driftsresultat | 12,5 | 11,0 |
| Resultat før skatt | 6,8 | 4,2 |
| Innvik as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 105,7 | 84,6 |
| Driftsresultat | 3,9 | 4,4 |
| Resultat før skatt | 1,3 | 1,1 |
Vekst i år
Haugen seier Innvik har fått ein god start i 2026 og at det er budsjettert med vekst også i år, om enn ikkje like kraftig som i fjor.
Marknaden er tøff og veksten som skal kome må kome ved at Innvik tek marknadsandelar. Der er snakk om å ta ein større bit av ei mindre kake, ifølgje Haugen.
Omlag 85 prosent av inntektene kjem frå eksport, både til EU, Asia og USA.
Familieeigd
I tillegg til Innvik omfattar konsernet eigedomsselskap og Sacco Norway, som har retten til å produsere 80-talssuksessen Saccosekken.
Innvik Holding er eigd av fleire medlemar av Haugenfamilien, med Bjørn Aage Haugen som største eigar, gjennom hans eige selskap Haugen Rådgiving.
Publisert: 21.04.2026 15:32
Sist oppdatert: 21.04.2026 15:32






