Runar Debess Sparebanken Møre
FISKERI: Runar Debess i Sparebanken Møre ser få svarte skyer for norsk fiskerinæring. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Spår gode tider for norsk fiskerinæring

Men næringa må verte endå flinkare på berekraft, meiner Runar Debess i Sparebanken Møre.

21.09.2021

Runar Debess, banksjef for marin avdeling i Sparebanken Møre, spådde under eit møte i Fosnavaag Shippingklubb måndag at norsk fiskerinæring vil få nokre svært gode år framover.

Men han åtvara reiarane mot å ta for lett på miljø- og berekraftmål.

- Utsleppskrava og miljøkrava kjem. Det er viktig at selskapa sjølve set seg klare mål, og følgjer opp desse.

Han sa også at dette var viktig for å få støtte, og at investorar og bankar framover vil stille høgare krav for å gjere kapital tilgjengeleg.

Debess sa også at manglande MSC-sertifisering for ein del fiskeslag (Maritime Stewardship Council, red merk) var ei utfordring.

- Det er viktig å få sertifiseringa på plass, men då må det plass kvoteavtalar mellom kyststatane.

Lite fisk - stor etterspørsel
Men elles var Debess optimistisk. Han viste til at det er auka global etterspørsel etter sjømat, og at aktivitetsnivået no var på veg opp igjen etter eit fall under koronapandemien.

Samstundes hadde ein hatt nullvekst i fiskeria sidan midten av 1980-talet, og det var også vanskeleg å få stor oppdrettsauke.

- Dette betyr at det vert gode prisar framover sidan etterspørselen aukar.

Norsk sjømateksport har hatt ein auke på 7 prosent hittil i år.

- Vårt estimat er at vi vil nå 110 milliardar kroner, ein auke på 4 prosent frå i fjor.

Klippfiskopptur
Debess viste til at mange hadde spådd klippfisknæringas død mange gongar, men no såg han lyspunkt etter eit tøft fjorår.

- Det går 90.000 tonn klippfisk ut av Norge årleg. No ser vi at prisane på nytt stig. Vi trur at dei fleste klippfiskeksportørane i år vil få eit godt år.

For kvitfisk trudde Debess at omsetninga i år ville lande på 12,1 milliardar kroner, på nivå med 2020.

Mindre torsk og hyse
Derimot såg han faresignal i at kvoterådet for 2022 innebar ein 20 prosent reduksjon for torsk og 22 prosent for hyse.

- Men vi trur prisstigninga vil kompensere for kvotefallet i 2022.

Vi trur at dei fleste klippfiskeksportørane i år vil få eit godt år
Runar Debess

Få svarte skyer
For pelagisk fisk opererte han med ein estimert førstehandsverdi på 8,8 milliardar kroner i år, seks prosent betre enn i fjor.

Her er det 39 prosent kvoteauke for makrell og 24 prosent auke for NVG-sild som dreg lasset.

- Kvoteråda for 2022 har ikkje kome enno, men det kjem signal om at makrellkvoten skal litt ned, sa Debess.

Han var uansett gjennomgåande optimistisk.

- Vi er optimistiske. Vi ser ikkje mange svarte skyer. Fiskeflåten har lagt bak seg fleire gode år, vi trur det vil halde fram.

- Og for å nå dei grøne måla, må vi tenke blått.

Publisert: 21.09.2021 11:05

Sist oppdatert: 21.09.2021 12:45