Spår høg kraftpris til våren 2023
Framleis enorme prisskilnader på straum i Norge. Kraftanalytikar spår høg kraftpris i lang tid.
Fredag kostar er spotprisen på Nordvestlandet 13,69 øre/kWh. Same pris er det i Trøndelag og Nord-Norge.
I resten av landet ligg spotprisen på 184,70 øre/kWh, med andre ord 14 gongar høgare.
I tillegg til spotprisen, kjem nettleige og avgifter.
Prisfall
I Danmark er elspotprisen fredag endå litt høgare enn i sør- og aust-Norge, medan nord-Sverige har 16,68 øre kWh, og sør-Sverige og Finland har 57,99 øre/kWh.
på Nordvestlandet var spotprisen i veke 11 i snitt på 14,1 øre kWh, 0,7 øre ned frå veka før.
Kraftanalytikarar Tor W. Havåg i Tussa viser i sin siste vekesrapport til at mykje av kraftprisen er knytt til prisane på gass, kol og olje.
Spesielt har det vore fokus på gassprisen etter krigen i Ukraina, og korvidt det vert stopp i importen av russisk gass til Tyskland og resten av Europa.
Russisk gassflyt som før
Så langt held gasseksporten fram.
- Vurderinga i Berlin er at stans i leveringa vil gi ekstreme prisar på gass, men også for kol og olje. Priseffekten kan gi Putin høve til å oppretthalde inntektene gjennom eksport til andre marknader. Sanksjonar kan difor ramme EU hardare enn Russland.
- Vi ser framleis at gassflyten gjennom dei tre røyra til Vest-Europa stort sett går som før jul, skriv Havåg.
Alt tyder på at europeisk kraft kjem til å halde fram med rekordprisar i alle fall til våren 23, og kan hende lengre
Høge kraftprisar framover
Han slår fast at spotmarknaden er død, men der Gazprom leverer enno på faste kontraktar.
- Uavhengig av fråverande sanksjonar er det likevel slik at europeiske kraftprodusentar ikkje ønskjer å handle med russiske seljarar og analysar syner at russisk kolimport til EU kan verte halvert allereie i 22.
- Alt tyder på at europeisk kraft kjem til å halde fram med rekordprisar i alle fall til våren 23, og kan hende lengre.
- Dette vil òg smitte inn i nordisk kraft, skriv Havåg.
Publisert: 25.03.2022 11:28
Sist oppdatert: 25.03.2022 12:48