Spaar internasjonal vekst med Endur
Hans Olav Storkås er administrerande direktør i i Endur, der Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Victor Fiveland og Bjørnar Flem blir største aksjonærar etter at Artec Aqua blir ein del av Endúr-konsernet. Storkås meiner Endúr med Artec Aqua-kjøpet kan konkurrere om store oppdrag både heime og i utlandet.
Nytt

Spår internasjonal vekst med Endúr

Med Artec Aqua på laget kan Endúr konkurrere internasjonalt i oppdrettsbransjen.

12.01.2021

- Å få dette har ombord det er det ultimate for vår vekst, sa administrerande direktør Hans Olav Storkås då han presenterte børsnoterte Endúr og kjøpet av Artec Aqua i Ålesund på eit nettmøte for investorar i dag.

Sjå heile presentasjonen her

Artec Aqua har spesialisert seg på å teikne oppdrettsanlegg på land og leie arbeidet med å bygge dei, medan Endúr inntil no har hatt selskap som kan bygge deler av anlegga.

Les også: Sel Artec Aqua

Med Artec Aqua som ein del av konsernet opnar sjansen seg for å ta ein større del av den norske marknaden, men også for å vekse i utlandet.

- Vi kan by på langt større anlegg, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, sa Storkås.

Vekst
Investeringa i smoltanlegg berre i Noreg i år er venta å bli på omlag to milliardar kroner, i følgje Endúr-presentasjonen.

Fram til og med 2028 er investeringane i smoltanlegg venta å auke år for år, heilt opp til sju milliardar kroner i 2028.

Fram til Artec Aqua fekk oppdraget med å teikne og leie bygginga av Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Bud i Romsdal var det teikning og bygging av smoltanlegg som var den viktigaste verksemda til selskapet.

Les også: Milliardoppdrag for Artec Aqua

Det oppdraget kan også vere ein døropnar ut i verda, fordi Salmon Evolution medeigar Dongwon i Sør-Korea planlegge eit landbasert lakseoppdrett der i kompaniskap med Sør-Korea, med Artec Aqua-teknologi.

Les meir: Halsebakk i allianse med sørkoreansk gigant

Oppdrett viktigast
Artec Aqua-oppkjøpet har gjort oppdrettsbransjen enda viktigare for Endúr. Før kjøpet av Artec Aqua utgjorde leveransar til oppdrettsnæringa, medrekna bygging av fôrflåtar, 40 prosent av driftsinntektene til Endúr.

Artec Aqua har vakse i rekordfart i fleire år, men i 2019 viste inntektene og lønsemda eit bikk nedover. Det gjorde at dei forsvann ut av Gaselle-lista til Dagens Næringsliv, men Eidsvik forsikra før jul at dei framleis var i vekst.

Rekneskapen for 2020 er ikkje offentleg enno, men i børsmeldinga i samband med salet viser at Artec Aqua hadde eit nytt rekordår. Omsetninga enda på 625 millionar kroner. Det er eit nytt kraftig hopp frå det førre toppåret 2018, då omsetninga enda på kring 450 millionar.

Driftsmarginen i 2020 enda på 9,5 prosent, som betyr at dei hadde eit overskot på nær 60 millionar. Det er også det største i selskapet si historie.

Ordrereserven til Artec Aqua er på heile 1,55 milliardar kroner og Eidsvik forventer fortsatt vekst i markedet, både i Norge og internasjonalt.

I fjor sikra Artec Aqua seg mellom anna ei milliardkontrakt på levering av utstyr til det komande Salmon Evolution-anlegget i Hustadvika kommune. Her kan det også bli betydeleg meir arbeid på dei neste byggetrinna. Dei gjekk før jul også ut og søkte etter kring ti nye tilsette.


Å få dette har ombord det er det ultimate for vår vekst

Publisert: 12.01.2021 17:31

Sist oppdatert: 02.09.2021 14:07