Jon Erik Engeset Hexagon Composites foto Ogne
BREMS: Internasjonal uro og fare for økonomisk nedgangstid gjer at Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset ikkje trur 2023 gir like høg vekst som selskapet har hatt i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår svakare vekst neste år

Hexagon Composites har auka inntektene med 47 prosent hittil i år.

03.11.2022

I kvartalsrapporten for 3. kvartal er Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset optimistisk på selskapet sine vegne.

Likevel trur han på ein beskjeden vekst neste år, på grunn av internasjonal uro og spenning, energikrise i Europa, høg prisstiging og fare for økonomisk nedgangstid. I 2024 vil veksttakta auke igjen, etter Engeset si vurdering.

Politisk medvind
Grunnen til optimismen på lengre sikt er trua på at Hexagon Composites har den politiske vinden i ryggen.

Les børsmelding her

Den såkalla "Inflation Reduction Act" i USA som vart gjeldande frå august vil mellom anna bety støtte og stimuleringstiltak for å redusert CO2-utslepp. Også EU-sin energipolitikk vil drage i same retning.

Dette reknar Engeset med at Hexagon Composites vil tene på, fordi bruken av biogass vil auke. Biogass er gass gjennvunne frå biologiske prosessar, for eksempel frå eit avfallsanlegg. I klimagassdebatt-samanheng blir biogass rekna som CO2-nøytralt. Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av biogass - og naturgass - som drivstoff og energikjelde til alt frå gassgrillbehaldarar til store mobile gasstankar til anlegg og industri.

Hydrogen dreg ned
Hexagon Composites eig 73 prosent i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for hydrogen som energiberar.

Det er ein marknad i vekst, med framleis liten samanlikna med natur- og biogass, og ei verksemd som går med tap.

Lønsemda i den ordinære verksemda til Hexagon Composites er svekt samanlikna med same periode i fjor, mellom anna på grunn av prisauke og forseinkingar i forsyningskjeda.

Når Hexagon Purus-tala ikkje er medrekna hadde Hexagon Composites 70 millionar kroner i driftsresultat i årets ni første månadar, mot 111 i same perioden i 2021. På same tid steig driftsinntektene frå 2,3 til tre milliardar kroner - ein vekst på 34 prosent.

Når Hexagon Purus er medrekna er driftsresultatet minus 134 millionar kroner i årets ni første månadar i 2021 og minus 296 millionar kroner i årets ni første månadar i 2022.

Hexagon Composites ASA

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20222021
Driftsinntekt3438,92335,7
Driftsresultat-295,8-133,6
Resultat før skatt-285,6-206,1
Hexagon Composites ASA
3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt1242,8875,2
Driftsresultat-108,6-35,1
Resultat før skatt-76,5-49,5

Publisert: 03.11.2022 08:30

Sist oppdatert: 03.11.2022 12:19

Mer om