Amfi Moa åpning ny del foto Ogne
FULL FART: I slutten av 2021 vil økonomien vere tilbake på same nivå som før koronakrisa, spår Statistisk Sentralbyrå. Biletet er frå opninga av den siste utvidinga av kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund i 2018. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

SSB spår opptur etter korona

Fleire får jobb og renta går opp, trur Statistisk sentralbyrå.

04.06.2021

NPK-NTB: Den første renteauken kjem truleg allereie i september, heiter det i ein rapport om konjunkturtendensane som Statistisk Sentralbyrå (SSB) la fram fredag morgon.

– Det siste året har koronapandemien vore fullstendig styrande for utviklinga i norsk økonomi. Den vil framleis avgrense aktiviteten den næraste tida, men no ser det ut til at økonomien er ved eit vendepunkt, seier SSB-forskar Thomas von Brasch.

Han meiner at innhentinga vil vere særleg sterk i dei arbeidsintensive næringane som har vore hardt ramma av smitteverntiltaka.

Arbeidsløysa blir redusert
Tenestenæringane som har vore hardast ramma av smitteverntiltaka, som overnatting, servering og reiseliv, sysselset omtrent 20 prosent av arbeidsstyrken i Noreg.

Når samfunnet opnar heilt, og desse næringane får opp aktiviteten, vil arbeidsløysa ifølgje SSBs prognosar bli redusert relativt raskt den første tida. Ifølgje utrekningane blir arbeidsløysa 4,6 prosent i 2021, fallande til 3,7 prosent i 2024.

– Når vi kjem til slutten av 2021, ventar vi at økonomien er tilbake på same nivå som før virusutbrotet i februar 2020. Etterverknadene av den internasjonale lågkonjunkturen og nasjonale smitteverntiltak vil likevel prege økonomien i lang tid framover. Først i 2023 anslår vi at arbeidsløysa er tilbake på det vi reknar som eit meir normalt nivå, seier von Brasch.

BNP aukar
SSB anslår at BNP for Fastlands-Noreg vil auke med 3,1 prosent i år. Denne oppgangen er noko svakare enn tidlegare anslått og heng saman med ei svak utvikling i aktiviteten i byrjinga av året, samtidig som store delar av norsk økonomi har vore stengd eller innskrenka så langt i 2021.

I mars i år var aktiviteten i norsk økonomi rundt 3 prosent lågare enn i februar 2020.

– Når vi kjem til slutten av 202,1 ventar vi at økonomien er tilbake på same nivå som før virusutbrotet i februar 2020. Etterverknadene av den internasjonale lågkonjunkturen og nasjonale smitteverntiltak vil likevel prege økonomien i lang tid framover, understrekar han.

Renta går opp
Når økonomien byrjar å skyte fart igjen, trur SSB at styringsrenta mest sannsynleg vil bli heva frå dagens 0 prosent til 0,25 prosent i september. Deretter vil renta gradvis bli heva opp til 1,75 prosent i 2024.

SSB meiner òg at bustadprisane vil flate ut og ende på ein vekst mellom 9 og 10 prosent som årsgjennomsnitt i 2021.

Publisert: 04.06.2021 15:00

Sist oppdatert: 04.06.2021 15:10