Jonas gahr støre landsmøte 2021 foto npk ntb
LANDSMØTE: Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre heldt torsdag opningstalen på det digitale landsmøtet til partiet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Støre: – Noreg står ved eit vegskilje

Knallhardt angrep frå Ap-leiaren på høgrepartia - treff ikkje svarer Høgre-nestleiaren.

15.04.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes og Kenneth Kandolf Haug): Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre meiner høgrepartia har vist «sitt sanne jeg» under koronakrisa. Høgre-nestleiar Tina Bru avviser kritikken som hol.

I opningstalen til Arbeidarpartiets landsmøte torsdag gjekk partileiaren gjentekne gonger til angrep på dei borgarlege partia.

– Det siste året har gjort samfunnet vårt meir urettferdig. Det siste året har gjort alvoret i kampen mot Forskjells-Noreg endå større, sa Støre.

Ifølgje han har koronakrisa vore eit forstørrelsesglas på partipolitikken.

– Høgrepartia har verkeleg vist sitt sanne eg, sa Støre.

Viste til jappetida
I talen trekte Ap-leiaren historiske linjer tilbake til både jappetid og finanskrise:

– Vi rydda opp etter Høgre og jappefesten på 80-talet. Solidaritetsalternativet fekk folk tilbake på jobb på 90-talet. Og vi styrte landet trygt gjennom finanskrisa. No trengst det sosialdemokratiske løftet som aldri går ut på dato, men som alltid må fyllast med nytt innhald: Trygt arbeid til alle. Det er jobb nummer éin.

Ifølgje Støre blir tiltak for å få ned arbeidsløysa avgjerande på vegen ut av koronakrisa.

– Noreg står ved eit vegskilje, sa partileiaren.

– Dei neste fire åra må meir enn noko anna handle om fleire jobbar, heile og faste jobbar og grønare jobbar.

Høgre slår tilbake
Høgres nestleiar Tina Bru meiner Støre har feil fokus på veg ut av krisa.

– Støres skremmebilete treffer berre ikkje. På den eine sida prøver han å seie at forskjellane i Noreg har auka på grunn av politikken vår, noko som er feil, på den andre sida vil han vidareføre nesten alle skattelettane vi har gitt. Det blir veldig holt, seier ho.

Bru legg til at ho sakna ei vektlegging av skule, helse og privat næringsliv i talen.

– Det var mange fine ord om kor viktig det er å ha ein jobb å gå til, men ikkje eit ord om korleis ein skal skape dei, seier ho.

– Nedslåande
I landsmøtetalen beskreiv Støre derimot den økonomiske krisepolitikken til høgrepartia som nedslåande.

– Dei sa nei til krav om at krisepengar berre skal gå til seriøse bedrifter. Nei til bonusnekt og utbyttefrys for bedrifter som får krisehjelp av samfunnet. Nei til feriepengar for arbeidsledige. Og kvar gong og ved kvart høve: Eit heilhjarta ja til kutt i formuesskatten – sjølv om aksjekursane har nådd nye høgder under denne krisa. Det er eit tydeleg svar på kven som kjem først for Høgre, sa Støre.

– Det er nedslåande. Men ikkje overraskande, sa han.

Støre la til at ikkje alt som er feil i samfunnet, kjem av høgrepolitikk.

– Men politikk kan motverke djupe krefter i samfunnet – eller forsterke dei. Og så mykje av høgrepolitikken forsterkar tunge trendar som vi kjempar mot; auka forskjellar, meir utryggje i arbeidslivet, sentralisering, privatisering, sa han.

«Vanlege folk sin tur»
Arbeidarpartiets slagord for valkampen er at det no er vanlege folk sin tur.

Støre valde mellom anna å fronte Arbeidarpartiets skattepolitikk, med løfte om lågare inntektsskatt for alle som tener mindre enn 750.000 kroner.

Han lova òg at viss ei avgift går opp, skal ei anna avgift eller inntektsskatten gå ned.

Samtidig varsla Støre kutt i prisane for plass på barnehage og SFO, og at det skal bli billigare å organisere seg og å pendle.

– Så kort sagt: Med Arbeidarpartiet ved roret vil vanlege folk sitje igjen med meir på kontoen ved månadens slutt enn i dag, sa han.

(©NPK)

Publisert: 15.04.2021 12:27

Sist oppdatert: 15.04.2021 12:32

Mer om