Jonny Mork i Ulsteinvik driv den Rema 1000-butikken på Nordvestlandet som selde mest daglegvarer i fjor.
Han leverte også best lønnsemd av butikkane som har levert rekneskapen so langt.
– Det er ein kombinasjon av fleire ting, men du er nøydt til å ha flinke folk med deg. Viss ikkje når du gjerne ikkje dei måla du har sett deg, seier Mork om resultatet.
Samtidig legg ikkje ulsteinvikaren skjul på at konkurransen med kollegaene er ein sterk motivasjon.
– Uskuldig moro, men samtidig viktig
Egil Gjerdsbakk som driv Rema 1000 på Blindheim i Ålesund gjennom selskapet Sunnmøre Mat, låg jamt med Ulstein-butikken gjennom heile fjoråret – men Mork slo han på målstreken.
– Vi er gode kompisar og hadde ein herleg fight gjennom heile fjoråret. Det er berre uskuldig moro, men samtidig viktig, seier Mork.
- Sjå resultatoversikt for Rema 1000-butikkane på Nordvestlandet under
Rett nok viser dei samla driftsinntektene for butikkselskapa at Sunnmøre Mat enda eit hakk over – men Ulstein-kjøpmannen påpeiker at det er salsinntektene som tel i konkurransen dei i mellom. Der låg Ulstein-butikken framom kollegaene på Blindheim.
– Vi passerte dei litlejulaftan og enda eit par hundretusen over dei, legg Mork til.
Rema 1000 Giske som Nordvest Mat og Bjørn-Kristian Risøy står bak, hadde 3. størst omsetning av kjedebutikkane som no har levert årsmelding med 121 millionar.
Forutan H.I.Giørtz-eigde Moa Mat, hadde desse tre daglegvarebutikkane størst omsetning på Nordvestlandet i 2023.
Også Rema 1000 i Stryn som er eig av Ronny Sønsterudbråten har nyleg levert 2024-rekneskap, som viser betring både i omsetning og overskot.
Butikken som hadde 4. høgast omsetning i 2023, gjekk inn på samme plassering i fjor.
Meiner ombygging ga løft
Med ein omsetningsvekst i løpet av fjoråret på kring 15 prosent, låg Ulstein-butikken langt over fjorårets auke i matvareprisane på drygt 5 prosent.
Det er ikkje skjedd endringar i lokalmarknaden som skulle tilseie ei endring.
Mork trur ei ombygging av Ulsteinvik-butikken som blei gjort i 2023, er mellom faktorane som slo positivt ut for dei i 2024.
– Det har gitt oss eit løft, og vi opplever at vi gjer ting hakket betre enn tidlegare, seier han.

Mest lønnsame butikken
I lønnsemd er Ulsteinvik-butikken også klart best av dei drygt ti Rema-butikkane på Nordvestlandet som til no har levert 2024-tala.
Rekneskapen viser ein resultatmargin på 3,8 prosent for butikkselskapet i fjor.
Rema 1000 Giske og Nordvest Mat, som er eigd av Bjørn-Kristian Risøy, kom nærast av dei andre, med ein resultatmargin på 3,4 prosent.
- Sjå resultatoversikt for Rema 1000-butikkane på Nordvestlandet under
Elles var det ingen av dei andre Rema-butikkane som har levert ein resultatmargin på over 2,5 prosent i fjor. Snittet for butikkselskapa i Nett No sin oversikt, har ein resultatmargin på 2,3 prosent - hakket betre enn året før.
Mork fortel at målet til Rema-butikkane er ein driftsmargin på tre prosent målt på omsetninga som går gjennom kassene.
Forstår at folk synest maten er dyr
Auka matprisar har naturleg påverka omsetninga i daglegvarebransjen dei siste åra.
Mork seier han har forståing for at forbrukarane synest matvarer har blitt dyrt, og at mange ville ønske dei var billigare.
– Men sjølv om bransjen hadde gått i null, vil ikkje dei få prosentane gjere at folk opplever at maten er billig, legg han til.
Dei største Rema-butikkane på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | Driftsinntekt | Res. før skatt | ||
Selskap | 2024 | 2023 | 2024 | 2023 |
SUNNMØRE MAT AS * Rema 1000 Blindheim | 124,9 | 117,3 | 2,7 | 2,4 |
JONNY MORK AS * Rema 1000 Ulsteinvik | 124,6 | 107,8 | 4,8 | 2,8 |
NORDVEST MAT AS Rema 1000 Giske | 121,0 | 112,4 | 4,1 | 3,6 |
SØNSTERUDBRÅTEN AS Rema 1000 Stryn | 110,7 | 104,0 | 2,7 | 1,9 |
HAVNEGJERDE DAGLIGVARER AS Rema 1000 Langevåg | 110,2 | 103,4 | 1,0 | 1,3 |
ROBERT CONNOR AS Rema 1000 Vestnes | 100,8 | 96,9 | 1,3 | 1,4 |
BJØRLO HANDEL AS Rema 1000 Moa | 96,2 | 89,5 | 2,2 | 2,5 |
KARI S BJØRLO MAT AS Rema 1000 Sandane | 94,2 | 89,6 | 1,6 | 1,2 |
LI2 DIGERNES AS Rema 1000 Digernes | 90,2 | 85,6 | 2,2 | 2,1 |
KVK DAGLIGVARE AS Rema 1000 Ørsta | 88,0 | 82,0 | 1,7 | 1,4 |
BYRNE HANDEL AS Rema 1000 Gåseid | 78,2 | 75,6 | 0,9 | 1,4 |
SUM | 1139,0 | 1064,1 | 25,2 | 22,0 |
Publisert: 10.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.03.2025 15:27