Jonny Mork Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach 11
FJERDE ÅRET OVER 100 MILLIONAR: Jonny Mork og dei 14 tilsette ved Rema 1000 i Ulsteinvik hadde for 4. gong ei omsetning på over 100 millionar i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vinnarvilje er drivkrafta

Jonny Mork stortrivst i rolla som kjøpmann, men har allereie lagt planar for generasjonsskifte.

Marius Rosbach
14.04.2023

Rema 1000-butikken i Ulsteinvik har vekse til å bli mellom dei største daglegvarene i regionen. Jonny Mork tok over drifta i 1997 og sidan då er den årlege omsetninga fleirdobla.

Ein treng ikkje bruke mange sekund med Mork før ein forstår at dette er ein mann som brenn for det han held på med.

– Daglegvare er det mest fantastiske eg kan jobbe med, seier han.

– Det er som ein konkurranse på masse parameter. Og om du har litt mykje konkurranseinstinkt - som eg har - så har du lyst til å vere best på alt.

Når det tikkar inn tal frå dei ulike butikkane sjekkar han alltid kvar dei ligg an.

– Eg vil ha gjerne ha den beste butikken, dei lågaste kostnadene og den høgste omsetninga. Det er difor eg jobbar så mykje. Eg synest det er kjekt å prestere bra. Også må du gjere det over tid, påpeiker han.

Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach
NY BUTIKK: Rema 1000-butikken i Ulsteinvik opna nyleg i ny drakt etter ei omfattande renovering av lokala. Foto: Marius Rosbach

«All time high» under pandemien
Daglegvarebransjen generelt har lagt bak seg nokre svært gode år. Også Rema-butikken i Ulsteinvik fekk «all time high» i det første koronaåret 2020, med ei omsetning på 107 millionar. Likevel ønsker ikkje kjøpmannen seg tilbake til ein pandemisituasjon.

– Uansett kor kjekt det er å selje mykje daglegvarer, så er det ikkje slik vi ønsker å nå dei tala.

Då 2022-rekneskapen nyleg blei offentleg viste det for 4. gong ei omsetning over 100 millionar (sjå tabell under).

– Omsetning er eit parameter ein må jobbe med, men det er alltid den med dei lågaste kostnadene som vinn, seier han og smiler lurt.

Jonny Mork As (Rema 1000 Ulsteinvik)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
100
102
Driftsresultat
3,94,6
Resultat før skatt
4
4,6

Kåra til beste butikk i landet
På det enkelt innreia kontoret til Mork står ein rekke utmerkeringar på ei hylle. Sju prisar for beste butikk i regionen er det blitt til no. Høgst heng prisen for beste Rema-butikk i landet i 2017.

– Det er klart at det var stas. Det er 650 butikkar og berre ein som blir nummer éin. Då er konkurransen stor, seier han og gliser.

Å vere kjøpmann som Mork, inneberer også at ein «aldri» har fri. Det betyr å bruke søndagane til å fylle på varer, og jobbe kvar 1. og 2. juledag for å vere klar til kundane kjem 3. juledag.

Starta i Rema-systemet som 16-åring
Mork starta med å rydde flasker og fylle på varer ved den lokale Rema 1000-butikken som 16-åring. Den gong kunne han også sitte i kassa og ekspedere kundar.

Undervegs har han teke vidaregåande og høgskuleutdanning, men i arbeidslivet har han halde seg til Rema 1000 og ei periode i Narvesen – som no er eigd av Reitan-konsernet.

– Det er eit teikn på trivsel og eg har berre gode ting å seie om Rema-systemet.

I tillegg til konkurranseinstinktet, ser han det som meiningsfylt å vere ein god arbeidsgivar.

– Eg har ein stabil gjeng der mange har jobba her i mange år, og det verkar som dei trivst, seier han.

Jonny Mork Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach 22
DAGLEG I BUTIKKEN: Jonny Mork forsøker å ikkje vere ein sjef som legg seg opp i alle detaljar. Samtidig er han stadig ute i butikken og fyller på hyller, eller ryddar på lageret. Foto: Marius Rosbach

Plan for generasjonsskifte
Sjølv om kjøpmannen framleis er i midten av 50-åra og har tenkt til å halde koken i ein del år til, har han lagt ein plan for generasjonsskifte. Om nokre år står sonen Noah klar til å ta over.

– Det er ingen automatikk i det, men vi har lagt ein plan og kanskje det skjer i løpet av ein femårsperiode.

– Han har jobba litt, og no går han på BI. Kanskje han får seg litt erfaring i systemet før han kjem tilbake hit og tek over, seier Mork.

– Vi blir vel aldri billige nok
Sjølv om prisauke er på alle sine lepper om dagen, legg ikkje Mork skjul på at det langt frå er alle varene dei tener stort på om dagen.

– Når vi sel sekspakningar med Kvikk Lunsj til påske for 20 kroner, så seier det seg sjølv at det ikkje er mykje margin på den. Det same gjeld for lammelår til 50 kroner kiloet, legg han til.

Han merkar godt at også kundane er meir opptekne av pris enn vanleg.

- Og vi blir vel aldri billige nok, erkjenner han.

Samtidig kvir han seg for å seie høgt alt han meiner.

– Eg har halde på med dette i 30 år, så det er klart eg har sterke meiningar. Men det kan vere eit ømtålig tema, så eg held dei for meg sjølv, seier han.

Har investert i eigedom
Etter fleire gode år og sal av butikklokale til Europris i Ulsteinvik, tok han utbytte på til saman 9,6 millionar frå holdingselskapet i 2020 og 2021. Sidan han ikkje er spesielt interessert i aksjar – og truleg ikkje hadde hatt tid til å følgje opp investeringane sjølv, har eigedom vore ei naturleg investering.

– Eg likar at ting er handfast og at eg kan påverke resultatet, i staden for at eg skal vakne opp og lure på kva som skjedde på børsane i Asia i løpet av natta.

I tillegg til eigedomen Rema 1000-butikken, eig han i fellesskap med andre både Europris-lokala i Ulsteinvik, Rema 1000-lokala i Fosnavåg og to butikkar på Austlandet.

Nyleg har han også gått inn i sitt første bustadprosjekt i nabolaget der han bur. Saman med ulike partnarar er dei i gong med å bygge 16 leilegheiter der seks allereie er selt. Planen er innflytting i løpet av året.

– Det er spennande å prøve eit slikt bustadprosjekt sjølv om det er næringseigedom eg kan, påpeiker han.

Publisert: 14.04.2023 10:39

Sist oppdatert: 14.04.2023 10:37

Mer om