Stoerste turistvekst paa aatte aar
POPULÆRT: Hotella i Geiranger-Trollstigen-området auka besøkte med over ni prosent i 2014.
Nytt

Største turistvekst på åtte år

Hotella på ruta Geiranger-Trollstigen hadde i fjor sin største vekst sidan 2006.

11.02.2015
Dei fire hotella det er snakk om hadde over 316.000 overnattingar ifjor. Det er ny rekord, og ein auke på 9,3 prosent samanlikna med 2013.
Auken for Geiranger-Trollstigen er nesten på line med ein av dei store reiselivsvinnarane i 2014 - Bergen - som auka talet på overnattingar med 9,5 prosent i 2014 i følgje reiselivsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå.
- 2014 blei ein rekordsommar, sa hoteldirektør Sindre Mjelva på Union Hotel i Geiranger til NETT NO i slutten av august 2014. Sommaren er høgsesong for Mjelva, i juli ifjor hadde han ein beleggsprosent på 90 prosent.
Ingen andre regionar i Nordvest hadde maken til belegg i juli, berre Ålesundshotella, med 80 prosent belegg, var i nærleiken.

Godt år

Nesten heile hotellbransjen på Nordvestlandet hadde eit godt år i 2014.
I Ålesund-regionen (resten av Sunnmøre, medrekna Ålesund), auka besøket med sju prosent, i følgje reiselivsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå. Det er hårfint betre enn Oslo (6,9 prosent).
For Ålesund åleine var auken 5,2 prosent.
Til samanlikning var auken for heile landet 3,4 prosent.

Ned i Nordfjord

Nordfjord er det store unntaket på Nordvestlandet. Talet på overnattingar gjekk med, om enn med knappe 0,4 prosent.
Direktør Richard Grov på Hotel Alexandra - som både er det klart største hotellet og det største hotellet i turistmarknaden i regionen - seier han hadde ein auke på 3,4 prosent for Hotel Alexandra og 1,6 prosent på sesonghotellet Hotel Loenfjord i 2014.

Fordel for Nordvestlandet

Nordvestlandet, Lofoten og Vest-Agder er dei tre topp prioriterte reisemåla for nordmenn som ferierer i Noreg.
Difor var reiselivsbedriftene på Nordvestlandet mellom dei som kunne profitere ekstra på at fleire nordmenn reiste i eige land i fjor, i følgje Tore Rodahl i Horwath Consulting, eit selskap som har spesialisert seg på å analysere og rådgi reiselivsnæringa.

Kan tene meir

Etter fleire år med utbyggingar av kapasiteten har ikkje hotella i Ålesund nye utbyggingar på gang no. Det betyr at hotellkapasiteten i byen ikkje aukar på i alle fall eit par år, slik at ein vidare vekst i hotellbesøka opnar for at hotella kan få større belegg og sjanse til å ta ein høgare pris, i følgje Rodahl.
I 2014 var prisen Ålesundshotella fekk pr. disponibel rom 460 kroner, mot 457 kroner året før.
Hotella i Geiranger-Trollstigen er dei som får den høgaste prisen pr. disponibelt rom, 555 kroner.
I 2014 hadde Ålesundshotella ei kapasitetsutnytting på 57,6 prosent (55,4 prosent i 2013). Det er den høgaste kapasitetsutnyttinga hos dei ulike hotellregionane på Nordvestlandet. På sisteplass kjem Nordfjord, med ei kapasitetutnytting på 44,6 prosent i 2014.

Tener på direktefly

Marknadssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er godt nøgd etter 2014. Blant det som trekkjer opp er direkteflyruta mellom Vigra og Amsterdam, som har fått fleire nederlandarar til å ta ferieturen til Nordvestlandet.
- Vi har hatt ein vekst i heile regionen på ferie/fritidsmarknaden på 13,9 prosent i 2014. Det er vi godt fornøgd med, seier Skrede.
Nordvestlandet tener mellom anna på at feriar med meir aktivitet og opplevingar er blitt meir populære.
- Vi marknadsfører denne regionen som "The adventure capitol of the fjords", seier Skrede.


Vi har hatt ein vekst i heile regionen på ferie/fritidsmarknaden på 13,9 prosent i 2014. Det er vi godt fornøgd med

Publisert: 11.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41