- Misleghald er er svært lavt og kvaliteten på portefølja vår er god. No vi også ser at næringslivet i store deler av fylket opplever auka aktivitet på grunn av svak krone, lave renter og svak krone. Vidare har oppgangen i oljeprisen det siste året bidratt til redusert usikkerheit for dei oljerelaterte næringane, seier administrerande direktør Trond Nydal i ei børsmelding.
Reknskapen for 1. kvartal 2017 er den første han legg fram som toppsjef i banken, etter at han tok over for Olav Arne Fiskerstrand 1. april. Vurderingane om økonomien på Nordvestlandet frå banken er dei same som under Fiskerstrand, og Sparebanekn Møre held og fast på vurderinga av taputviklinga for banken.
Gruppevise nedskrivingar til tap er på 281 millionar kroner, uendra frå same periode i fjor. Gruppevise nedskrivingar er nedskrivingar på utlån der det kan bli tap, men der det ikkje er tatt konkrete tapt eller lånevilkår ikkje er brotne. I dagens marknad er nedskrivingar på utlån til offshore-sektoren typisk eksempel.
Dei konstaterte tapa i kvartalet er to millionar kroner.
Dei individuelle nedskrivingane til tap - nedskrivingar som er knytt til fare for tap på konkrete lån - er redusert frå 72 til 52 millionar kroner.
No ser banken vekst også i utlån til næringslivet, seier Nydal i børsmeldinga.
Reknskapen for 1. kvartal 2017 er den første han legg fram som toppsjef i banken, etter at han tok over for Olav Arne Fiskerstrand 1. april. Vurderingane om økonomien på Nordvestlandet frå banken er dei same som under Fiskerstrand, og Sparebanekn Møre held og fast på vurderinga av taputviklinga for banken.
Aukar ikkje tapsavsetningane
Avsetningane til dekning av tap er stabile.Gruppevise nedskrivingar til tap er på 281 millionar kroner, uendra frå same periode i fjor. Gruppevise nedskrivingar er nedskrivingar på utlån der det kan bli tap, men der det ikkje er tatt konkrete tapt eller lånevilkår ikkje er brotne. I dagens marknad er nedskrivingar på utlån til offshore-sektoren typisk eksempel.
Dei konstaterte tapa i kvartalet er to millionar kroner.
Dei individuelle nedskrivingane til tap - nedskrivingar som er knytt til fare for tap på konkrete lån - er redusert frå 72 til 52 millionar kroner.
Auka utlån til næringslivet
Dei siste 12 månadane har utlån til næringslivet gått ned med 0,7 prosent, medan utlån til privatpersonar har auka med åtte prosent.No ser banken vekst også i utlån til næringslivet, seier Nydal i børsmeldinga.
Publisert: 27.04.2017 07:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08