Stadfestar to nye Vard cruiseskip
VARD: Ponant stadfestar endå to nye cruiseskip frå Vard.
Nytt

Stadfestar to nye Vard-cruiseskip

Vard og franske Ponant har signert kontrakt på bygging av to nye hybridelektriske ekspedisjonscruiseskip.

19.12.2019
Dei to skipa som partane no har signert endeleg kontrakt på, er av “Ponant Explreres”-klassen.
Skipa skal leverast i 2022.
Kvart av skipa vil kunne ta rundt 230 passasjerar.

Hybridelektrisk

Fincantieri opplyser i ei pressemelding at dei to skipa skal operere i sørlege deler av Stillehavet.
Dei to skipa vil få hybridelektrisk framdrift, med store batteripakkar om bord.
Selskapet opplyser at det skal vere utsleppsfrie operasjonar i hamnene og i miljøsensitive område.
Fincantieri har tidlegare opplyst at verdien på kontrakten er på 300 millionar euro – eller drygt tre milliardar kroner.
Avtalen inneheld opsjon på ei tredje skip.

Storsatsing

Det franske selskapet er i gang med ei storstilt nybyggingsrekke av cruiseskip.
Selskapet har bygt skipa “Le Boréal”, “L’Austral”, “Le Soléal” “Le Lyrial” i Alcoa,
I tillegg har Vard bygt fire andre skip i “Ponant Explorer”-klassen, og skal levere dei to siste neste år.
I tillegg skal Vard levere “Le Commandant Charcot”, det første hybridelektriske ekspedisjonscruiseskipet til Ponant i 2021.

Publisert: 19.12.2019 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48