Stadig færre saknar dette skiltet
Andelen som vil oppløyse Vestland og få tilbake Sogn og Fjordane som eige fylke, går ned.
Det viser ei ny meiningsmåling.
I meiningsmålinga som InFact har utført for Firdaposten, Firda og Sogn Avis, svarer 50,9 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane at dei vil ha tilbake det gamle fylket sitt som eige fylke, mot 56 prosent i sommar.
Andelen som vil reversere samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, har gått ned i alle dei fem meiningsmålingane InFact har gjort for dei tre avisene sidan desember 2020.
Frå klart ja til tja
Frå eit klart ja til å få tilbake gamlefylket i desember 2020, då 7 av 10 ville tilbake til Sogn og Fjordane, er motstanden no nede på eit nivå der om lag halvparten vil ha fjordfylket tilbake.
37,2 prosent vil at Vestland skal vidareførast, medan 11,9 prosent er usikre.
Ikkje fleirtal i fylkestinget
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) trur tala viser at folk i Sogn og Fjordane er realistar. Dei veit at Vestland ikkje blir oppløyst no. Tala gir nok også uttrykk for at folk er i ferd med å venne seg til det nye fylket, seier han til Firdaposten.
– Eg trur svara i meiningsmålinga er eit uttrykk for at folk har fått med seg at Vestland fylke ikkje er tvangssamanslått, og at vi ikkje fell inn under dei prosessane som nokre fylke går gjennom no.
- Vidare veit folk at det i fylkestinget ikkje er fleirtal for oppløysing, og til sist trur eg det er eit uttrykk for at det nye fylket har sett seg og fungerer godt, seier han.
Publisert: 21.02.2022 13:22
Sist oppdatert: 21.02.2022 13:26