Stadyard Group tilbake i pluss
SLO PÅ STORTROMMA: Skipsdåp-markering hos Stadyard i januar 2015. I dag har verftet oppdrag til sommaren 2022.
Nytt

Stadyard Group tilbake i pluss

Har oppdrag for verftet til sommaren 2022. Ventar på voldgiftssak.

21.09.2020

Ein tvist om pris og vilkår for endringar under bygginga av fiskebåten Fay trekte ned resultatet for skipsverftet Stadyard i 2018. Stadyard er det viktigaste selskapet i Stadyard Group, og minus for verftet gav minus for konsernet i 2018.


I 2019 var både verft og konsern tilbake i pluss (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).

Verftet har også godt med arbeid. Den førebelse siste kontrakten er bygging Nye Arnøytind for familiereiarlaget frå Skjervøy, ifølgje Fjordenes Tidende. Den skal leverast sommaren 2022.


Avgjort med voldgift

Striden mellom Stadyard og fiskebåtreiarlaget Kenfish II på Averøya om pris og vilkår for endringar som vart gjort under bygging av fiskebåten Fay skal opp for ein voldgiftdomstol i november i år.

I årsmeldinga for 2019 skriv Stadyard at selskapet meiner det er er "sannsynlighetsovervekt for at Stadyard får medhold i voldgiftsretten". Kor stor kravet er er ikkje opplyst i årsmeldinga.

Fay forliste i Barentshavet i desember 2019. Heile mannskapet blei berga, men båten gikk ned.

I følgje årsmeldinga til Stadyard Group kan også årsaka til forliset bli ein del av eit erstatningskrav: "Tvisten endret karakter i 2019 som følge av at fartøyet totaltforliste. Rederiet har tatt forbehold om å fremme krav mot Stadyard AS om det viser seg at havariårsaken kan knyttes til mangler ved fartøyet. Styret og daglig leder det er svært liten sannsynlighet for en slik påstand."

Starta på nytt

Stadyard blei etablert i 2012 etter at selskapet overtok anlegget etter at verftselskapet Blaalid slo seg konkurs i 2011.


Verftet sysselsette 34 årsverk i 2019.

Stadyard Group er eigd av Agnar Lyng, Knut Helge Sørpoll, Malvin Silden og Trond Kongshaug.

Publisert: 21.09.2020 15:04

Sist oppdatert: 24.02.2021 11:35