Nytt
Startar firma i kjølvatnet av Yara Birkeland
Bjørn Tore Orvik hadde idéen til autonome Yara Birkeland. No går han fleire steg lenger.
30.01.2019
- Visjonen er å implementere dei nye teknologiane bak Yara Birkeland til å skape nullutsleppssamfunnet, seier Orvik.
Orvik har fått med seg Peter Due, leiar for autonomprogrammet i Kongsberg Maritime.
- Det nye selskapet skal utvikle berekraftige logistikkløysingar både til bilar, hamner og sjøtransport.
- Målet er å bidra til fleire nullutslepps logistikkløysingar i heile verda, seier Due.
Men no er Orvik og Due ute og søker etter partnerar.
- Ja, vi ønskjer å ha med oss strategiske partnerar på denne satsinga.
Det Marin Teknikk-designa skipet skal byggjast ved Vard Brevik, men skrogarbeidet foregår no ved Vard sitt verft i Tulcea i Romania.
- Det skjer også ein del arbeid med utstyr i Polen og Kina, seier Orvik, som er prosjektleiar for prestisjeprosjektet.
Yara Birkeland skal sjøsetjast tidleg i 2020 og skal erstatte 40.000 årlege lastebiltransportar med kunstgjødsel frå Yara sin fabrikk i Porsgrunn til hamnene i Larvik og Brevik.
Orvik har fått med seg Peter Due, leiar for autonomprogrammet i Kongsberg Maritime.
- Det nye selskapet skal utvikle berekraftige logistikkløysingar både til bilar, hamner og sjøtransport.
- Målet er å bidra til fleire nullutslepps logistikkløysingar i heile verda, seier Due.
Vil ha strategiske partnerar
Det nye selskapet heiter Yara Birkeland as, og har inntil vidare Yara som einaste eigar.Men no er Orvik og Due ute og søker etter partnerar.
- Ja, vi ønskjer å ha med oss strategiske partnerar på denne satsinga.
- Godt i rute
Orvik opplyser at arbeidet med Yara Birkeland er godt i rute.Det Marin Teknikk-designa skipet skal byggjast ved Vard Brevik, men skrogarbeidet foregår no ved Vard sitt verft i Tulcea i Romania.
- Det skjer også ein del arbeid med utstyr i Polen og Kina, seier Orvik, som er prosjektleiar for prestisjeprosjektet.
Yara Birkeland skal sjøsetjast tidleg i 2020 og skal erstatte 40.000 årlege lastebiltransportar med kunstgjødsel frå Yara sin fabrikk i Porsgrunn til hamnene i Larvik og Brevik.
Vi ønskjer å ha med oss strategiske partnerar på denne satsinga
Publisert: 30.01.2019 09:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30