Startar lokalmatbutikk
STØRRE LOKALE, MEIR FOLK: Ingrid Margrethe Ulstein og Thor-Erik Andersen i Folk Spiseri har flytta til større lokale i haust. Denne veka får Ulsteinvik ytterlegare eit restauranttilbod.
Nytt

Startar lokalmatbutikk

Etter eit tøft startår utvidar Ingrid Margrethe Ulstein og Thor-Erik Andersen restauranten og opnar lokalmatbutikk i tillegg. Restauranttilbodet aukar i Ulsteinvik.

16.11.2017
I august i år flytta Ulstein og Andersen lunsj- og middags-restauranten Folk Spiseri inn i nye lokaler med sjøutsikt i Ulsteinvik sentrum. I løpet av november opnar dei også lokalmatbutikk i eit tilstøytande lokale.
Ulstein og Andersen har dobla kapasiteten, målt i spiseplassar, og registrerer og at ny og meir synleg plassering har slått positivt ut i besøket.
- Vi har auka omsetninga etter at vi flytta inn, seier kjøkkensjef Thor-Erik Andersen.
2016, då dei opna til sommaren, enda med 2,5 millionar kroner i driftsinntekter, og eit underskot på 158.000 kroner. Målet før opninga var ei driftsinntekt på årsbasis på fire millionar kroner.

Ny restaurant i gammalt lokale

Fredag denne veka opnar Anita Muren og Stephan Frei ny restaurant - Maluns - i lokala som tidlegare husa kaféen Kaffikari.
I første omgang held dei opne på dagtid, men når skjenkeløyvet etter planen kjem på plass i midten av desember er planen å ha open middagsrestaurant på kveldstid torsdag, fredag og laurdag, seier Stephan Frei.
Samburarparet flytta til Ulsteinvik tidlegare å etter å ha drive hotell i Sveits i sju år.

Pluss på middagen

Så langt i år har Andersen og Ulsteins Folk Spiseri passert tre millionar kroner i driftsinntekter og har eit underskot på omlag 200.000.
Besøksauken etter flyttinga gjer at restauranten går i pluss med middagsservering på kveldstid. Utfordringa er å klare å gå i pluss også med lunsjservering på dagtid, seier dagleg leiar Ingrid Margrethe Ulstein.

Lokalmat-arena

Butikken - Folk Skafferi -, som opnar i slutten av november, blir ei eiga avdeling i selskapet, med eigen inngang og eigne opningstider.
Målet er å selje mat- og drikkevarer - medrekna øl - frå småskalaprodusentar over heile Noreg, også Nordvestlandet.
- Dei lokale produsentane skal få ei plass å selje varene sine, seier Andersen.

Publisert: 16.11.2017 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15