Stordal Mobel systue Eva Aasen foto Marius
BLIR MED VIDARE: Alle dei tilsette ved Stordal Møbel blir i utgangspunktet med vidare i det nye selskapet Stordal Home Furniture. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Startar ny produksjon med nye eigarar

Nytt selskap startar opp i kjølvatnet av Stordal Møbel-konkursen. Vil ha med alle tilsette.

Marius Rosbach
08.04.2025

Stordal Møbel-sjef og styreleiar Ole Håvard Stavseng hadde ein god og ein dårleg nyheit tysdag. 

Den dårlege var at det lokaleigde møbelselskapet såg seg nøydd til å gå til tingretten og melde oppbod

Har fått inn ny eigar
Den gode var at det er inngått avtale med nye eigarar som vil halde fram produksjonen i Stordal.

– Det er skrive intensjonsavtale med eit nytt selskap og nye eigarar. Det er Ermatiko i Estland, som er eit selskap eg har kjent som leverandør i kring 15 år, fortel Stavseng til Nett No. 

Det blir oppretta eit norsk selskap Stordal Home Furniture, som vil lage møblar på lisens frå Stordal Trading As, som har rettane til porteføljen til den tradisjonsrike bedrifta. 

Vil ha med alle tilsette vidare
I utgangspunktet vil det nye selskapet ta over alle dei 21 tilsette. 

– Ein viktig del av dette for vår del, har vore at vi får framleis produksjon i Stordal. Dei nye eigarane vil ha med alle dei tilsette vidare, så får vi sjå kva ein får til etter kvart, legg Stavseng til. 

Ermatiko har vore i møbelbransjen sidan 1990-talet og har to fabrikkar i heimlandet. Han fortel at dei ser moglegheiter til å utvida sin marknad med å gå inn i Stordal-bedrifta.

Kom ikkje i mål med finansiering
Stavseng legg ikkje skjul på at han er skuffa over at dei ikkje klarte å berge vidare drift i det norskeigde selskapet. 

Han fortel at manglande lån frå kommunen vart den utløysande årsaka til at dei ikkje klarte å få på plass ny finansiering. 

– Vi har teke omstilling i bedrifta og fått til mykje. No var vi på oppløpet, men når kommunen ikkje kunne stille opp, så klarte heller ikkje banken og eigarane å kome i mål, seier han. 

Stavseng fortel at dei jobba med fleire ulike alternativ, og er overtydd om at dei landa på det rette – slik situasjonen utvikla seg.

Publisert: 08.04.2025 11:45

Sist oppdatert: 08.04.2025 11:57

Mer om