Saman med Bjørn Otterlei - dagleg leiar og medeigar i fiskeeksportøren Polar Seafrozen - har har ho starta selskapet Tango Seaweed i Herøy. Målet er å sette ut dei første tareplantene neste haust og starte sal av produkt frå eigen tang og tare i 2018.
- Eg har bestemt meg for å gå over til næringslivet, seier Chapman.
- Vi har berre begynt å skrape overflata i forhold til bruk av tang og tare-produkt. Mat til menneske vil bli viktig for å gjere havets grønnsaker meir kjent, men både fôr, bioaktive innholdsstoffer og kosmetikk-produkt kan bli relevante etterkvart, seier Chapmann.
For å dyrke tang og tare må du ha konsesjon, og første steg på vegen for det nye selskapet er å sikre seg konsesjon og lokalitetar til tang- og tareanlegg. Målet er å finne stadar i Møre og Romsdal, og helst på Sunnmøre. Eitt alternativ i drifta er å etablere seg ved lakseoppdrett for å nyttiggjere seg av avfallsstoffa frå fisken - som fungerer som næring for algane.
I tillegg til å utvikle eigen forretningverksem er målet for Tango Seaweed også å bli eit visningsanlegg og ei kompetansebedrift innan sjøalgar på Nordvestlandet.
– Dyrking av tang og tare krev store område, og det er noko vi har mykje av utanfor kysten. Det vi ikkje visste, var at dei fysiske forholda er betre og meir stabile rett utanfor sokkelen. Møre og Romsdal er perfekt plassert med kort avstand til sokkelen, dermed ligg alt til rette for å starte opp med prøvedyrking, seier rådgivar for akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune Rebekka Varne i ei pressemelding.
- Eg har bestemt meg for å gå over til næringslivet, seier Chapman.
Internasjonal ekspert
Chapman har arbeidd med tang og tare heilt sidan hos studerte og tok doktorgrad ved universitetet i Hamburg i 1996. I 2008 flytta ho til Noreg og jobb som forskar ved Runde Miljøsenter, og er i dag forskar i Møreforsking, der ho leier eit stort internasjonalt forskingsprosjekt der målet er å kartlegge korleis ein kan utnytte tang og tare til menneskemat og dyrefôr.- Vi har berre begynt å skrape overflata i forhold til bruk av tang og tare-produkt. Mat til menneske vil bli viktig for å gjere havets grønnsaker meir kjent, men både fôr, bioaktive innholdsstoffer og kosmetikk-produkt kan bli relevante etterkvart, seier Chapmann.
Sterk vekst
Frå å vere eit tema for spesielt interesserte er kommersialisering av tang- og tare eit forretningsområde i sterk vekst, med mange bedriftsetableringar i Noreg, i følgje Chapman.For å dyrke tang og tare må du ha konsesjon, og første steg på vegen for det nye selskapet er å sikre seg konsesjon og lokalitetar til tang- og tareanlegg. Målet er å finne stadar i Møre og Romsdal, og helst på Sunnmøre. Eitt alternativ i drifta er å etablere seg ved lakseoppdrett for å nyttiggjere seg av avfallsstoffa frå fisken - som fungerer som næring for algane.
Kapitalutviding
I første omgang er det berre to eigarar i selskapet, men Chapman seier planene er å invitere investorar til å bli med - og det kan skje i starten av 2017.I tillegg til å utvikle eigen forretningverksem er målet for Tango Seaweed også å bli eit visningsanlegg og ei kompetansebedrift innan sjøalgar på Nordvestlandet.
Perfekt kyst
Ein Sintef-rapport som blir lansert i dag konkluderer med at det er svært gode tilhøve for dyrking av tang og tare på kysten av Møre og Romsdal.– Dyrking av tang og tare krev store område, og det er noko vi har mykje av utanfor kysten. Det vi ikkje visste, var at dei fysiske forholda er betre og meir stabile rett utanfor sokkelen. Møre og Romsdal er perfekt plassert med kort avstand til sokkelen, dermed ligg alt til rette for å starte opp med prøvedyrking, seier rådgivar for akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune Rebekka Varne i ei pressemelding.
Møre og Romsdal er perfekt plassert med kort avstand til sokkelen, dermed ligg alt til rette for å starte opp med prøvedyrking
Publisert: 19.10.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02