Staten tar likevel rekninga
KORONAPERMITTERING: NAV opplyser at lønskompensasjonen for koronapermitterte vil verte utbetalt i midten av juni.
Nytt

Staten tar likevel rekninga

Bedrifter som permitterte før 20. mars, slepp likevel å ta ein stor del av rekninga. Det slår NAV fast.

08.06.2020
20. mars vart det innført eit nytt mellombels regelverk for permitterte arbeidstakarar. På grunn av omfattande permitteringar etter koronautbrotet, og for å hjelpe bedriftene, reduserte Stortinget arbeidsgivarperioden med lønsplikt frå femten til to dagar.
Ein bedriftseigar frå Sunnmøre permitterte tilsette 17. mars, og dei permitterte har no fått beskjed om at dagpengeperioden startar først 14. april.
Dette har fått bedriftseigaren til å reagere etter at NAV i eit brev til ein av dei permitterte slår fast at først frå den 20. mars galdt dei nye reglane med at NAV dekte permitteringar etter tre dagar.
- Det er horribelt at dei bedriftene som permitterte mellom 12.mars og 20. mars på grunn av korona ikkje skal få noko, medan dei som permitterte etterpå får full utteljing av dei nye reglane, sa han.

- Vanskeleg å forstå

Fleire andre bedriftsleiarar har vore i kontakt med NETT NO, og dei er usikre på kva reglar som faktisk gjeld for dei som vart permitterte rett før dei nye reglane kom på plass 20. mars.
Det vert også vist til at informasjonen har vore forvirrande, og reglane vanskelege å forstå.
Men no seier fagavdelinga i NAV til NETT NO at regelverket ikkje er slik som bedriftseigaren på Sunnmøre har tolka det.
Det vert vist til at i den konkrete saka med vedkomande som vart permittert tysdag 17.mars, så galdt gamalt regelverk, og arbeidsgivar hadde lønsplikt i 15 dagar.
- Men ny forskrift trer inn frå 20. mars, og arbeidsgivar si lønsplikt stoppar då.

Berre tre dagar lønsplikt

Arbeidsgivar har dermed berre tre dagar med lønsplikt for den tilsette.
- Lønsplikta gjeld frå 17. mars til og med torsdag 19. mars, vert det fastslått.
I forskrifta står det at for dagane 3-20 etter permittering har permitterte krav på å få dekka full lønn inntil 6G, og at det er NAV som dekker denne perioden.
NAV poengterer at det er ikkje dagpengar vedkomande får utbetalt, men lønskompensasjon.
- Dette er ei eiga ordning heimla i eiga forskrift og skal utbetalast som ei eiga ytelse, fastslår fagavdelinga i NAV.

Lønskompensasjon i midten av juni

For vedkomande som vart permittert 17. mars, skal NAV betale lønskompensasjon i 17 virkedagar frå og med 20. mars.
- Dette blir då til og med 13. april.
- Dagpengar vert utbetalt frå og med 14. april, altså frå virkedag 21.
Fagavdelinga i NAV opplyser til NETT NO at ein forventar at lønskompensasjonen vil bli utbetalt i midten av juni.

Publisert: 08.06.2020 14:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58