Jonas Gahr Støre på V Ard Langsten foto Ogne
KJEM TIL HARAMSKONFERANSEN: Statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Statsministeren til Haramskonferansen

Skal diskutere verdiskaping og det grøne skiftet med Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik og tidlegare Equinor-sjef Eldar Sætre.

20.01.2022

Tema for årets Haramskonferansen er "grøn verdiskaping" og både Gahr Støre, Sætre og Eidsvik skal halde eigne innlegg, i tillegg til å delta i ein panelsamtale.

Mellom dei andre innleiarane på konferansen er Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, konsernsjef Ståle Rød i Skanska, prosjektsjef for Nordøyvegen Marianne Nærø, og leiar for Kongsberg Maritime, Egil Haugsdal.

Fysisk møte
Konferansen blir arrangert i Brattvåg 15. februar.

Av smittevernomsyn vil arrangøren avgrense talet på deltakarar til 150. I fjor blei konferansen avlyst på grunn av koronapandemien.

Konferansen blir også overført på nett, som eit betalingstilbod, ifølgje arrangøren.

Haram Næring og Innovasjonsforum arrangerer konferansen og ÅKP, Ålesund kommune, Næringsforeningen Ålesundregionen og Sparebanken Møre er samarbeidspartnarar.


Publisert: 20.01.2022 08:24

Sist oppdatert: 20.01.2022 08:39

Mer om