Stemte nei til meir ferjepengar
HAREID:  Ei rekke stadar langs kysten har befolkninga protestert mot eit prishopp på ferjebillettar ved nyttår.
Nytt

Stemte nei til meir ferjepengar

Ap sitt forslag om å legge inn meir pengar til ferje i revidert nasjonalbudsjett, fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

Marius Rosbach
30.01.2020
Torsdag var den betente situasjonen i fleire ferjefylke oppe til diskusjon i Stortinget. om middel til fylkeskommunane for å redusere ferjetakstane og «sikre overgang til låg-/nullutsleppsferjer på ein måte som ikkje belastar utgiftene til alminneleg reisande.»
Det fekk ikkje støtte verken frå regjeringspartia eller Frp, melder .
– Frp hadde ein unik moglegheit til å stille opp for kystbefolkninga ved å stemme for vårt forslag om å få ferjetakstane ned. Det er trist at dei stemte mot, og ekstra skuffande at de borgarlege på Mørebenken, inkludert Jon Georg Dale som tidlegare samferdselsminister, ikkje støtta dette, seier Fredric Bjørdal (Ap) til avisa.

Sterke protestar

Medieoppslag har dei siste vekene vist at dagpendlarar og familiar som er avhengige av ferjetilbod, risikerer mange tusen kroner i ekstrautgifter på grunn av auka takstar etter nyttår. I Nordland og Møre og Romsdal har det vore protestar mot prishoppet, og Nordland droppa nyleg auken.
Senterpartiet har å be regjeringa greie ut ein nasjonal maksimalpris for båt- og ferjebillettar i samband med revidert budsjett. Sp vil at staten fullt ut skal kompensere inntektstapa til fylka ved innføring av ei slik ordning.
Partiet har også føreslege at staten må ta alle meirkostnadene fylka har med å gjera hurtigbåt- og ferjetrafikken meir klimavennleg.

Les også:



Peiker på fylkespolitikarane

Statsminister Erna Solberg seier til NTB at ho har stor forståing for at folk opplever dei høge ferjeprisane som urimelege.
– Men det er altså Ap og Sp som styrer alle dei fylka som no har trøbbel. Det er dei som har valt å setja opp prisen, seier ho.
Ho viser elles til at regjeringa i samband med omlegging til grønare ferjer i 2018 løyvde 100 millionar kroner ekstra til ferjer i fylka og endra kostnadsnøkkelen.
Samtidig legg ho til: – Det er basert på ei berekning av det grunnlaget vi hadde då. Men eg har sagt at vi kan gjera nye berekningar, seier Solberg til NTB.

Les også:




Analyse

:

Synspunkt:


Publisert: 30.01.2020 18:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51