Bustadprisane steig med 1,6 prosent i februar, ifølgje tal frå Eiendom Norge. Det er sterk vekst i heile landet, og snittprisen er på 4,7 millionar kroner.
Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 0,9 prosent i februar. Så langt i år har bustadprisane stige med 6,1 prosent.
Rår folk til å halde hovudet kaldt
Norges Eiendomsmeglerforbund noterer at det for første gong på mange år er god aktivitet både i brukt bustad- og nybustadmarknaden.
Samtidig rår dei folk bør halde hovudet kaldt og unngå å la seg rive med av stemninga i bustadmarknaden akkurat no.
Banksjef Aage Ellingsund Christensen ved Nordea i Ålesund opplyser at tilbodet ikkje er nok til å dekke etterspurnaden. Dei opplever ei stor auke av bustader som blir kuppa før visning.
Også den rekordstore pågangen for finansieringsbevis held seg oppe, med ei auke på over 40 prosent frå same månad i fjor.
Meiner det har vore oppdemma behov
Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge seier tala overgår sjølv «dei mest hårete prognosane» ved inngangen til året.
Utviklinga handlar truleg om at det bygde seg opp eit oppdemd bustad- og flyttebehov under dyrtida – som no blir utløyst.
Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg meiner den sterke bustadmarknaden kjem av ei rekke faktorar, mellom anna endringa i eigenkapitalkravet og forventa rentekutt.
– Sjølv om bustadprisveksten har vore mykje høgare ein det Noregs Bank har lagt til grunn, er det framleis forventa rentekutt i slutten av mars.
Publisert: 05.03.2025 12:40
Sist oppdatert: 05.03.2025 12:42