(NPK-NTB/NETT NO):– Vi er klar over at vi med denne avgjerda overraska ein del kommentatorar og også marknaden. Vi var fullt klar over at krona ville styrke seg noko og til dels markert, sa Olsen ein snau time etter at Noregs Bank hadde fortalt at styringsrenta blir uendra på 1,25 prosent.
Marknaden hadde på førehand langt på veg prisa inn eit kutt. Når renta så blir høgare enn forventa, betyr det at det blir meir attraktivt å plassere pengar i Noreg. Dermed blir prisen på krona pressa oppover.
Rett før rentevedtaket vart annonsert klokka 10 torsdag, vart ein amerikansk dollar handla for 8,38 kroner. Rett etterpå var kursen 8,14 kroner.
Ei styrkt krone er isolert sett dårleg nytt for norske bedrifter som skal selje varer til utlandet, men gode nyheiter for nordmenn som planlegg ferie i utlandet.
Ein svak kronekurs har gitt norske eksportbedrifter drahjelp, og har motverka effekten av fallande oljepris.
Så seint som i starten av februar sa visekonsernsjef Tore Ulstein Group at konsernet truleg kan takke ei gunstig valutakursutvikling for verftet i Ulsteinvik nyleg fekk to nybyggingskontrakter. Hadde ikkje valutakurssvingingane gjort det billegare for utlendingar å kjøpe frå Noreg kan det hende at verftet berre hadde fått ei kontrakt.
- Heile gevinsten ved å byggje skip i Asia er viska vekk, sa Sinopacific Norway-leiar Ole Zahl til NETT NO.
Marknaden hadde på førehand langt på veg prisa inn eit kutt. Når renta så blir høgare enn forventa, betyr det at det blir meir attraktivt å plassere pengar i Noreg. Dermed blir prisen på krona pressa oppover.
Rett før rentevedtaket vart annonsert klokka 10 torsdag, vart ein amerikansk dollar handla for 8,38 kroner. Rett etterpå var kursen 8,14 kroner.
Svekkjer eksportbedriftene
Mot euro styrkte krona seg frå 8,92 kroner til 8,68 kroner.Ei styrkt krone er isolert sett dårleg nytt for norske bedrifter som skal selje varer til utlandet, men gode nyheiter for nordmenn som planlegg ferie i utlandet.
Ein svak kronekurs har gitt norske eksportbedrifter drahjelp, og har motverka effekten av fallande oljepris.
Så seint som i starten av februar sa visekonsernsjef Tore Ulstein Group at konsernet truleg kan takke ei gunstig valutakursutvikling for verftet i Ulsteinvik nyleg fekk to nybyggingskontrakter. Hadde ikkje valutakurssvingingane gjort det billegare for utlendingar å kjøpe frå Noreg kan det hende at verftet berre hadde fått ei kontrakt.
Tapt fordel
I starten av februar skreiv NETT NO at det går mot avvikling av Sinopacific Norway i Fosnavåg. Selskapet som skulle vere det kinesiske Sinopacific-verfet si arm inn i den norske offshorenæringa, er mellom anna råka av ei valtuakursutvikling som har gjort det langt mindre lønnsomt for norske reiarar å bygge i Kina.- Heile gevinsten ved å byggje skip i Asia er viska vekk, sa Sinopacific Norway-leiar Ole Zahl til NETT NO.
Publisert: 19.03.2015 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42






