NPK-NTB: Dette er ei sterk bekymring, skriv Kystvakta i si oppsummering for 2019.
Her blir det slått fast at innfasinga av dei nye helikoptera, som eigentleg skulle vore levert i 2008, framleis er prega av forseinkingar. Ved utgangen av november hadde Kystvakta hatt NH90-helikopter om bord i totalt 140 døgn.
– Ein stor del av tilgjengeleg flytid har gått med til trening, men det har òg vore ein auke i tid til operativt bruk i forhold til fjoråret. Kystvakta erfarer dessverre liten reell operativ effekt, heiter det.
– Kystvakta er gjort kjent med at talet på flytimar med NH90 dei næraste åra ikkje vil vere tilfredsstillande i forhold til det Kystvakta legg til grunn for ei forsvarleg helikopterdekning i Barentshavet, både med tanke på å ta vare på ei berekraftig forvaltning av norske marine ressursar og dessutan i forhold til generell beredskap i Kystvaktas ansvarsområde.
Innkjøpet av NH90-helikoptera har lenge vore prega av problem. I 2018 konkluderte Riksrevisjonen med at det norske Forsvaret og skattebetalarane har brukt 8 milliardar kroner på noko som ikkje har vorte levert.
14 NH-90-helikopter skulle vore på plass i 2008, men berre åtte er leverte, og seks av dei kan berre brukast til trening. Det blir dessutan langt dyrare å drive og halde ved like helikoptera enn først antatt.
– I 44 tilfelle har inspeksjonane avdekt regelbrot som har medført melding og i åtte tilfelle oppbringing til norsk hamn for bevissikring, og dessutan to tilfelle der saka er oversendt Fiskeridirektoratet for vurdering av gebyr.
Kystvakta har vore sett inn i 123 søk- og redningsaksjonar og gjort 81 slep.
Her blir det slått fast at innfasinga av dei nye helikoptera, som eigentleg skulle vore levert i 2008, framleis er prega av forseinkingar. Ved utgangen av november hadde Kystvakta hatt NH90-helikopter om bord i totalt 140 døgn.
– Ein stor del av tilgjengeleg flytid har gått med til trening, men det har òg vore ein auke i tid til operativt bruk i forhold til fjoråret. Kystvakta erfarer dessverre liten reell operativ effekt, heiter det.
Forseinkingar
Vidare blir det opplyst at situasjonen ikkje ser ut til å bli tilfredsstillande dei næraste åra heller.– Kystvakta er gjort kjent med at talet på flytimar med NH90 dei næraste åra ikkje vil vere tilfredsstillande i forhold til det Kystvakta legg til grunn for ei forsvarleg helikopterdekning i Barentshavet, både med tanke på å ta vare på ei berekraftig forvaltning av norske marine ressursar og dessutan i forhold til generell beredskap i Kystvaktas ansvarsområde.
Innkjøpet av NH90-helikoptera har lenge vore prega av problem. I 2018 konkluderte Riksrevisjonen med at det norske Forsvaret og skattebetalarane har brukt 8 milliardar kroner på noko som ikkje har vorte levert.
14 NH-90-helikopter skulle vore på plass i 2008, men berre åtte er leverte, og seks av dei kan berre brukast til trening. Det blir dessutan langt dyrare å drive og halde ved like helikoptera enn først antatt.
Fleire aksjonar og inspeksjonar
I Kystvaktas oppsummering av året kjem det elles fram det er gjennomført 1.139 fiskeriinspeksjonar i 2019 og at det er gitt 188 åtvaringar for brot på regelverket.– I 44 tilfelle har inspeksjonane avdekt regelbrot som har medført melding og i åtte tilfelle oppbringing til norsk hamn for bevissikring, og dessutan to tilfelle der saka er oversendt Fiskeridirektoratet for vurdering av gebyr.
Kystvakta har vore sett inn i 123 søk- og redningsaksjonar og gjort 81 slep.
Publisert: 30.12.2019 09:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






