Skjermbilde 2021 02 24 kl 11 40 17
FORLISTE: Fay forliste 28. desember 2019. Alle 12 ombord blei berga. Foto: Redningsselskapet
Nytt

Stetta ikkje stabilitetskrav

Manglande stabilitet og ei vrien lasteluke gjorde at fiskebåten Fay gjekk ned i desember 2019.

24.02.2021

Heile mannskapet på 12 blei berga då linebåten Fay gjekk ned 28. desember 2019, men forliset kunne vore unngått meiner Statens Havarikommisjon.

Kommisjonen la denne veka fram sin rapport om forliset og årsakene til forliset..

"Undersøkelsen har avdekket at de godkjente stabilitetsberegningene til Fay ikke oppfylte kravene til stabilitet.", skriv kommisjonen i rapporten.

Vatn gjennom setteluka
Under ein straumstans ombord fekk mannskapet ikkje stengt setteluka, naudstenging frå brua vart ikkje gjort, vatn kom inn og rann vidare inn i skipet.

Her kan du sjå video frå redningsaksjonen

Det var den utløysande årsaka til forliset. Havarikommisjonen meiner forliset kunne vore unngått dersom luka hadde: "dersom luka hadde blitt stengt tidlig i hendelsesforløpet ville ikke fartøyet forlist."

Strid om båt
Fay er bygd av Stadyard på Raudeberg. Verftet og reiarlaget Kenfish II på Averøy var allereie usamde då fartøyet forliste.

Striden handla opphavleg om pris og vilkår for endringar som vart gjort under bygging, men utvida seg etter forliset.

Dette skreiv Stadyard i årsmeldinga for 2019: "Tvisten endret karakter i 2019 som følge av at fartøyet totaltforliste. Rederiet har tatt forbehold om å fremme krav mot Stadyard AS om det viser seg at havariårsaken kan knyttes til mangler ved fartøyet. Styret og daglig leder det er svært liten sannsynlighet for en slik påstand."

Feil stabilitetsberekningar
H
avarikommisjonen sin rapport peikar også på skipsdesignselskapet Seacon, som teikna linebåten, og ber Seacon om å avdekke tilsvarande feil og utebetre dei på eventuelt andre farty selskapet har teikna:

"Ulykken med Fay 28. desember 2019 har avdekket at Seacon AS ikke har utført stabilitetsberegningene korrekt, ved å ikke ta ut relevante oppdriftsgivende volum ved fyllingsvinkel mindre enn 40 grader. Fay forliste som følge av vannfylling i egnerommet og gradvis vanninntrenging til resten av fartøyet.

Statens havarikommisjon tilrår Seacon AS å avdekke tilsvarende feil, og utbedre disse på eksisterende fartøy de har designet."

Oppdaga ikkje feil
Havarikommisjonen skriv og at Sjøfartsdirektøratet sin kontroll ikkje avdekka stabilitetsfeilen, at det manglar kontroll med kvaliteten på stabilitetsberekningane.

Nødluka som Stadyard hadde konstruert kravde verkty for å kunne lukkast og ville ta meir en 15 sekund å stenge. Den stetta ikkje krava og kommisjonen tilrår at: "verftet Stadyard AS kartlegger tilsvarende egenproduserte nødlukkeløsninger, og i samarbeid med reder, korrigerer nødlukkeløsninger som ikke oppfyller regelverkskrav.

Publisert: 24.02.2021 11:53

Sist oppdatert: 24.03.2021 08:12

Mer om