Stiftar nytt skipsmeklarselskap
Atlantic Marine-partnar Stig Vang er dagleg leiar og styreleiar i nyskipa Amarine Shipbrokers.
Skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund vart tidlegare i år dømt til å betale 24 millionar kroner i erstatning søstrene Eva Toril Strand og Dagny Elisabeth Strand Bachmann etter salet av fiskebåten Stormfuglen.
Lagmannsretten gav søstrene medhald i at meklaroppdraget vart utført på ein slik måte søstrene fekk for dårleg betalt, og at Atlantic Marine, og Stig Vang sin partnar i Atlantic Marine, Kåre Sindre Nyvoll, er erstatningspliktig.
Dommen kan ankast og er ikkje rettskraftig.
Nytt selskap
15. mars i år offentleggjorde Brønnøysundregistera at selskapet Amarine Shipbrokers er skipa.
Vedtekstdatoen er 23. februar i år.
Forretningsadressa er på Valderøya. Vang er dagleg leiar og styreleiar. Carina Dyb Nyvoll er styremedlem.
Selskapet skal drive med: "Skipsmegling, kjøp og salg av fiskefartøy, megling og formidling av aksjer og aksjeselskap og andeler i andre selskap, samt deltakelse i andre selskaper."
NettNo har ikkje lukkast å få svar frå Stig Vang om bakgrunnen for selskapsetableringa, eigarskap, og om Amarine Shipbrokers per i dag er eit selskap i drift.
Gode år
Både 2022 og 2021 var gode år for Atlantic Marine, som Stig Vang og Kåre Sindre Nyvoll eig 50/50 gjennom eigne selskap. (2022 er det sist tilgjenglege offentlege rekneskapet til selskapet).
I 2022 hadde Atlantic Marine 25 millionar kroner i driftsinntekt og 19,2 millionar kroner i resultat før skatt. Den bokførte egenkapitalen var 16,1 millionar kroner, der 10 millioner kroner sto i banken. Eigarne tok ikkje ut utbytte etter 2022.
I 2021 var driftsinntektene 26,7 millionar kroner og resultatet før skatt 20,3 millioner kroner. Etter 2021 tok eigarne ut 16 millioner kroner i utbytte.
Publisert: 19.03.2024 09:06
Sist oppdatert: 19.03.2024 09:07