Stopp for Stordal hytter
AVSLUTTA: Nye arbeidsplassar i Stordal var håpet då InStordal-hyttene blei lansert i 2017. No er teikningane lagt i skuffa.
Nytt

Stopp for Stordal-hytter

Hytteteikningane til InStordal er lagt i skuffen.

27.01.2020
Å selje hytter enkeltvis var ikkje ein vellukka modell, i følgje dagleg leiar Nils Erik Skeide i selskapet Constructer i Ulsteinvik.
Hytteselskapet InStordal blei etablert i 2016, med Steffen Leganger som eigar og grunnleggar. Ideen var å lage hyttene full ferdig innandørs i Stordal, sette dei på ein lastebil og montere dei på tomta.
Prisen på hyttene skulle vere frå 790.000 til 1,5 millionar kroner.

Marknaden svikta

InStordal hadde to millionar kroner i driftsinntekter i sitt første år, 2017, og selskapet venta vidare vekst i 2018. I staden fall inntektene til knappe 200.000 kroner, og aktiviteten var minimal i store deler av 2018.
I 2018 blei det avtalt at Inno-Hus og Artec Holding i Ålesund skulle gå inn som medeigarar i Stordal-selskapet og at hytteelementa skulle produserast ved Inno-Hus sin fabrikk i Litauen. Det blei det ikkje noko av.
Etter å ha inngått eit samarbeid med selskapet Constructer, som skulle stå for produksjonen, spådde Leganger vekst i 2019.

Dei forventningane slo ikkje til. Leganger gjekk seg ut i fjor vår og Constructer avslutta til sist satsinga på InStordal-hytta.

Publisert: 27.01.2020 14:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51