rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Stopp for transportselskap med ti tilsette

Ålesund-firma konkurs med betydeleg gjeld etter ti år i minus.

Marius Rosbach
31.05.2023

Selskapet Hoel As er konkurs etter at leiinga melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Transportselskapet med adresse i Ålesund hadde ti tilsette og blei starta opp i 2005.

Firmaet er det sjette transport- og lagringsselskapet som går over ende i Møre og Romsdal så langt i år.

Betydeleg gjeld
Sakspapira viser at drifta i Hoel As framleis var i gong då tingretten opna konkurs tysdag.

Her kjem det også fram at gjelda er på knappe 3,4 millionar, og verdiane på kring ein million kroner.

Bustyrar er Axel Villads Lange og første skiftesamling er planlagt 31. juli.

Underskot sidan 2013
Transportselskapet har gått med underskot sidan 2013, og rekneskapa viser eit samla underskot før skatt på nærare tre millionar dei siste fem åra.

Siste rekneskap frå 2021 viser at eigenkapitalen var tapt. Det året omsette firmaet for 16,7 millionar kroner – om lag på nivå med dei siste fem åra.

Hadde tru på snuoperasjon
I årsrapporten frå 2021 skriv leiinga at mykje eldre gjeld var betalt ned og at drifta ved starten av 2022 var lønnsam.

På det tidspunktet meinte leiinga at det takka vere betre økonomistyring – og tolmodige kreditorar – var grunnlag for vidare drift.

Tysdag opna tingretten konkurs i selskapet.

Publisert: 31.05.2023 08:58

Sist oppdatert: 31.05.2023 09:00

Mer om