Bertil Holen
UTDANNING: Bertil Holen knyter kontakter mellom Fagskulen og bedrifter i Møre og Romsdal. Han melder om stor respons. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Stor interesse for fagutdanning

Mange bedrifter treng fagskuleutdanna tilsette.

19.10.2021

- Det er heilt tydeleg at det er på gang ein renessanse for høgare utdanna fagarbeidarar. Mange bedrifter har stort behov for nye tilsette.

Det seier Bertil Holen, nytilsett i stillinga som næringskontakt for Fagskulen Møre Romsdal, som frå 1. august består av studiestadane Kristiansund og Ålesund.

Samarbeidsavtalar
Holen er no på rundreise for å knyte tettare kontakt mellom bedrifter og Fagskulen.

- Det har vore ein voldsom respons. Alle er positive, og vi har allereie skrive fleire samarbeidsavtalar mellom Fagskulen og enkeltbedrifter.

- Kontraktane går på at klasser kan kome ut i bedriftene for å lære, samstundes som at representantar frå bedriftene kjem til Fagskulen og underviser.

Nye fag
I dag er det rundt 400 studieplassar ved Fagskulen Møre og Romsdal. Regjeringa har lova fleire studieplassar dei næraste åra. Holen seier at dette er det behov for utfrå interessa frå bedriftene.

Han seier at det også er behov for andre fag enn det ein har tilbod om i dag.

- Blant anna er det stort behov for sjøfolk, ikkje minst dekksoffiserar og maskinoffiserar.

- Berre eit selskap som Sølvtrans har behov for 300-350 nye sjøfolk i løpet av tre år.

Berre eit selskap som Sølvtrans har behov for 300-350 nye sjøfolk i løpet av tre år
Bertil Holen

Skal vere meir synleg
I tillegg seier Holen at det er fleire bedrifter som etterlyser fagskuleutdanna ingeniørar innan elektrofag og automasjon.

- Dei siste åra har mange av dei tilsette i desse yrka kome frå aust-Europa. No minkar det på desse, samstundes som det ser ut til å vere aukande interesse for å satse på norske tilsette.

Holen seier at det er behov for å gjere Fagskulen meir synleg.

- Vi kjem til å vere meir synlege på sosiale medium framover. I tillegg kjem eg til å besøke bedrifter i heile fylket.

- Målet er å få på plass ei lang rekke samarbeidsavtalar. Så langt ser det lovande ut.

Publisert: 19.10.2021 13:51

Sist oppdatert: 19.10.2021 15:22

Mer om