Valderøy
VALDERØYA: OTS reknar seg som den mest moderne produsenten av syntetiske fibertau i Europa, og kan levere tau som er 350 millimeter tjukke. Foto: OTS
Nytt

Stor optimisme hos Valderøy-selskap

Vil bygge ny fabrikk og ser store mulegheiter i offshore vind.

20.04.2023

Valderøy-baserte Offshore & Trawl Supply (OTS) auka omsetninga frå 65,6 til 80,0 millionar kroner frå 2021 til 2022. Auken skuldast i hovudsak meir sal til offshore. No ser selskapet store mulegheiter innanfor sal til offshore vind, ifølgje årsrapporten.

Samtidig vurderer selskapet å bygge ny fabrikk - og vurderer mellom anna lokalisering på Gjøsundet, skriv Sunnmørsposten torsdag.

Dagleg leiar Stein Frode Bulling-Ness fortel til avisa at dei produserer mellom 150-200 tonn årleg, men at dei har mål om å komme opp i heile 10.000 tonn.

Vil auke eksporten
OTS vart starta i 1990, først med leveransar til fiskeri, og har heile vegen levert solide resultat. Beste året var i 2015 med eit resultat før skatt på 33,1 millionar kroner av ei omsetning på 98,9 millionar.

No ser styret for seg eit godt 2023, med auka sal i fleire segment, og spesielt til utlandet. I fjor gjekk 66,5 millionar kroner av omsetninga til norske kundar.

(saka held fram etter tabellen)

Offshore & Trawl Supply
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 80 65,6
Driftsresultat 6,1 2,9
Resultat før skatt 4,8 2,1

Best i Europa
Styret i OTS viser til at selskapet har det mest moderne anlegget for produksjon av syntetiske fibertau i Europa.

Ein kan produsere tau opptil 350 millimeter tjukkelse, og leverer til offshore, havbruk, fiskeri, slep og løft. Målsettinga er å konkurrere på alle område der det i dag vert brukt stålwire eller kjetting.

Ordreinngangen for 2023 er god, og spesielt ser ein for seg vekst innan offshore vind, både til fortøying og slep. Blant anna viser ein til den planlagde utbygginga av Utsira nord.

Dextrona12 plus ahts normand drott rescue operation eemslift hendrika 04 84a3
REDNING: OTS leverte raskt fibertau til Solstad-skipet Normand Drott under redningsaksjonen av Eemslift Hendrika, som dreiv inn mot Stad. Foto: OTS

God eigenkapital
Styret viser til at det har vore utfordringar med både med tilgang og transport av enkelte varer, men at dette er i ferd med å betre seg.

Selskapet har 25 tilsette, og hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 52,6 millionar kroner, og 28,7 millionar i langsiktig gjeld.

Rolf Arne Giskeødegård eig 42,8 prosent B-aksjar og 5,6 prosent A-aksjar. Anita Giskeødegård eig 42,9 prosent, medan Tuva og Lukas Giskeødegård eig kvar 7,0 prosent - alle B-aksjar.

Publisert: 20.04.2023 08:25

Sist oppdatert: 20.04.2023 08:30

Mer om