Stor uvisse i fiskerinaeringa etter britisk EU nei
FISH & CHIPS: Norske fiskarar er storeksportør av hyse og torsk til den britiske fish & chips-marknaden.
Nytt

Stor uvisse i fiskerinæringa etter britisk EU-nei

Sjømat Norge er spent på kva Storbritannias EU-nei betyr for næringa.

24.06.2016
(NPK-NTB): – Ei utmelding vil sjølvsagt gi nokre umiddelbare uheldige konsekvensar, særleg gjennom valutasvekkingar og økonomisk uro. Men prosessen med utmelding vil gå over to år, og verken marknadstilgangen eller ressursspørsmåla blir endra over natta.
- Vi har framleis tru på eit godt samarbeid med britane, , Noregs største sjømatorganisasjon.

Svekt kjøpekraft

Ho seier dei kortsiktige konsekvensane vil vere den umiddelbare uroa i britisk og europeisk økonomi, der valutasvingingar og svekt kjøpekraft også kan ramme eksporten av norsk sjømat.
– Storbritannia er ein viktig marknad. Uroa i økonomien vil også kunne få negative effektar for norsk eksport av sjømat.
- Særleg vil norsk kvitfisk vere utsett, og vi vil følgje denne situasjonen nøye, seier styreleiaren i Sjømat Norge.
Noreg eksporterte i fjor sjømat for 5,1 milliardar kroner til Storbritannia, som var vår fjerde største marknad. (©NPK)
Særleg vil norsk kvitfisk vere utsett

Publisert: 24.06.2016 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58