Stordalen med på oppdrettsemisjon
Atlantic Sapphire henta inn 369 millionar kroner.
Like før midnatt natt til fredag kunne Atlantic Sapphire melde at dei dei hadde fått inn 369 millionar i emisjonen som blei varsla torsdag.
Petter Stordalen-selskapet Strawberry Equities er mellom dei som deltek med 34,5 millionar, går det fram av børsmeldinga. Også storaksjonærane Nordlaks Holding og Blue Future Holding er med i kapitalutvidinga.
Har hatt fleire problem
Atlantic Sapphire har forretningsadresse i Vestnes kommune, men driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida. Selskapet har hatt ei rekkje problem med drift og utbygging, som gjer at det ligg langt etter sine opphavlege framdriftsplanar.
Pengane frå kapitalinnhentinga skal betale for å fullføre første byggesteg og fase i utviklinga av selskapet og generelle formål, ifølgje børsmeldinga torsdag.
Aksjekursen til Atlantic Sapphire sank med 2,7 prosent torsdag, til 1,44 kroner aksjen. Det verdset selskap til 1,1 milliardar kroner.
Publisert: 01.03.2024 01:43
Sist oppdatert: 01.03.2024 07:50