Ny eigar paa Moltustranda
MILLIONMINUS: Selskapet som driv fiskeforedling på Moltsustranda har gått med tilsaman 10 millionar kroner i underskot dei to siste åra.
Nytt

Store kostnadar på Moltustranda

Uvisse om vidare drift, fortel Frost Seafood i årsmeldinga.

22.09.2025

Lakseforedlingsselskapet Frost Seafood på Moltustranda gjekk ut av 2024 med eit underskot på 8,1 millionar kroner og 10 millionar kroner i negativ eigenkapital, ifølgje årsmeldinga for 2024.

Gjelda var på 32,7 millionar kroner. Selskapet sysselsette fire årsverk i fjor og tilbyr ulike typar laksefiletar, ifølgje nettsida si. 

Ifølgje årsmeldinga er det "knyttet usikkerhet til fortsatt drift", men styret meiner det likevel er grunnlag for å drive vidare:

"Selskapet har hatt negativ kontantstøm det siste året, fordi selskapet har vært i en utviklingsfase. Selskapet er nå i en tidlig kommersiell fase og investerer i fremtidig overskudd. Styret følger likviditetssituasjonen tett. Aksjonærene har gitt uttrykk for at de vil tilføre nødvendig kapital dersom det er nødvendig for å sikre fortsatt drift av selskapet, men dette er ikke formalisert ved avleggelse av årregnskapet.", skriv selskapet i årsmeldinga.

Ein eigar
I følgje årsmeldinga har Frost Seafood ein aksjonær, Linas Jakubauskas.

Nett No har ikke lukkast i å få kontakt med Jakubauskas. Meldingar til selskapet, epost eller eller via telefonsamtale med ein tilsett, er ikkje besvart.

Per i dag er det ingen registrerte kunngjeringar om kapitalutvidingar i selskapet etter etableringa i juli 2022.

I databasen proff.no er Jakubauskas oppført som styreleiar og dagleg leiar.

Konkurs i 2022
Førre selskap som dreiv fiskeforedling industribygget på Moltustranda  - Atlantic Seafood - gjekk konkurs i november 2022.

Daniel Andersen var eineeigar av selskapet,  ifølgje Brønnøysundregistra.

Atlantic Seafood starta ny drift på Moltustranda i 2021, etter at også selskapet som dreiv i bygget før Atlantic Seafood gjekk overende.

Frost Seafood as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt0,94,7
Driftsresultat -7,1-1,9
Resultat før skatt-8,1-1,9

Publisert: 22.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 21.09.2025 20:05