Atlantic Seafood Moltu
KONKURS: Atlantic Seafood starta ny fiskeforedlingsverksemd på Moltustranda i 2020. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Konkurs på Moltustranda

Atlantic Seafood er slått konkurs etter krav frå tilsett. Eigaren skal ikkje vere kjent med at det er betalt for lite løn.

Marius Rosbach
21.11.2022

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood i Herøy.

NETT NO omtalte førre veke at fleire tilsette ville krevje selskapet konkurs. Måndag følgde tingretten i Volda kravet frå ein tilsett som hadde uteståande 22.849 kroner.

Konkurskrav frå fire tilsette
Bustyrar Jørund Knardal hadde nettopp fått saka på sitt bord ved 15-tida måndag. Han kunne difor ikkje uttale seg om kor mange tilsette bedrifta har hatt, og kva for verdiar som er i selskapet.

Fiskeforedlingsbedrifta skal ha krav mot seg på minst 2,1 millionar kroner, mellom anna ha inkassokrav og krav frå skatteetaten. Ein del av krava skal også vere ubetalt løn og feriepengar til tilsette.

Tingretten hadde fått konkurskrav frå til saman fire tilsette, men behandla berre det eine. Dei øvrige krava går dermed inn i bubehandlinga som vanleg. Første skiftesamling er planlagt 2. januar.

Eigaren skal ikkje kjenne til lønnskrav
Etter det Sunnmørsposten forstår, er oppunder 40 tidlegare tilsette i same situasjon som personen som møtte i retten.

Daniel Andersen, som ifølgje Brønnøysundregistera eig 100 prosent av aksjane i selskapet, opplyser til Intrafish at selskapet ikkje er kjende med at det er utbetalt for lite i lønn til tilsette.

– Selskapet er ikkje kjent med ein einaste tilsett som har dokumentert å ikkje ha fått kroner 193,55 per time i lønn, skriv Andersen i ein e-post til nettstaden.

Ingen møtte i retten
Ingen frå Atlantic Seafood møtte i retten. Per i dag framstår selskapet å vere utan eit fungerande styre, skriv retten i kjennelsen.

Styreleiar Bjarte Aambø trekte seg tidlegare i månaden saman med nestleiaren i styret. Aambø har stadfesta at han har motteke innkallinga, men har ikkje signert ettersom han har trådt ut av styret.

Atlantic Seafood var nyleg i hardt ver etter eit tilsyn frå Arbeidstilsynet. Dei har varsla at dei vurderer å trekke tilbake løyve til å drive foredling etter det som blir omtala som eit nedslående» tilsyn.

Litauen-busett eigar
David Andersen kom inn som ny eigar på Moltustranda hausten 2020, via selskapet Legemyrane 4. Då hadde anlegget stått tomt, etter at den førre drivaren gjekk konkurs.

Andersen bur i Vilnius i Litauen, og har tidlegare vore engasjert i å skaffe rimeleg lithauisk arbeidskraft til den norske fiskeindustrien. Anlegget omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier og prisen var fem millionar kroner, ifølgje eigedomsregisteret.

Både Sunsea og Sunsea Seafood - og eigedomsselskapet som eigde anlegget fram til 2019, gjekk alle konkurs med betydeleg gjeld.

Publisert: 21.11.2022 14:54

Sist oppdatert: 21.11.2022 21:11

Mer om