Sydvestor frede uldbæk jostein sætrenes sigvald skeide 11
FLEIRE PARTNARAR: Frede Uldbæk (t.v), Jostein Sætrenes og Sigvald Skeide (sittande) i Sydvestor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sydvestor med vekstplanar

Frede Uldbæk, Jostein Sætrenes og Sigvald Skeide i Sydvestor vil vekse, og etablerer selskapet også utanfor Nordvestlandet.

11.03.2021

Investeringar, kjøp og sal i offshorefartøy-marknaden var den dominerande verksemda til investering- og kapitalrådgivingselskapet Sydvestor fram til oljeprisfallet i 2014 utløyste ei krise for offshore-reiarane.

I åra etter har selskapet lært korleis det kan klare seg i andre marknadar, og no er det klar for ny vekst, fortel dagleg leiar og medeigar Frede Uldbæk.

Selskapet er godkjent verdipapirforetak, og driv med formuesforvaltning, prosjektfinansiering, tilrettelegging av emisjonar og kjøp, sal og samanslåing av selskap.

Selskapet hadde 13,9 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 (sist offentleg tilgjengleg reknskap) og eit resultat etter skatt på minus 1,1 millionar kroner. Medrekna tilknytta selskap Nordvestor Aktiv (driftsinntekter på 4,3 millionar ) som er eit autorisert reknskap- og forretningsførar-selskap kom selskapa samlet ut med eit plussresultat på 0,6 millionar kroner.

Bergen, Oslo og London
Tom Elvøy har nyleg blitt partnar i Sydvestor AS og skal leige kontor i shippingmiljøet i Blauw-gården i Berrgen sentrum.

Elvøy kjem frå jobben som senior vice President hos DVB Bank og har meir enn 25 års erfaring frå internasjonal shipping og bankverksemd, med fokus på finansiering av skip, ifølgje ei pressemelding frå Sydvestor.

Han har med seg eit nettverk både i Bergensområdet, internasjonalt og er kjent i finansmiljøet. Han vil bidra med auka dealflow og fleire gjennomføringar av oppdrag, seier Uldbæk til NETT NO.

Planen er å etablere eit kontor med ein til to tilsette også i Oslo. Sydvestor har i tillegg eit samarbeid med eit liknande miljø i London.

Kapitalutviding
I samband med at Elvøy er blitt partnar er det gjennomført ei kapitalutviding, der Elvøy og nokre investorar til frå Bergen kom inn på eigarsida, saman med partnarane Uldbæk, Sætrenes og Skeide.

Andre tilsette er óg blitt aksjonærar.

Planen er at alle partnarane i selskapet skal vere medeigarar og ha aksjemajoritet.

Nye marknadar
I dag har Sydvestor eitt engasjement att i offshorebransjen, eigarskap i selskapet Skipsinvest med tre offshorefarty. Alle driv med positiv kontantstraum og utan risiko for komande tap for selskapet, ifølgje Uldbæk.

Prosjekta og selskapa Sydvestor arbeider med i dag er innan brønnbåt-, arbeidsbåt-, fisketransportbåt-, vindmølle-, passasjer- og vedlikehalds- og ekspedisjonscruisebåt-bransjen.

Med Elvøy på laget har Sydvestor også fått ein fot innanfor tradisjonell shipping.

I tillegg arbeider selskapet med kjøp, sal, emisjonar og samanslåingar av bedrifter i fleire bransjar.

Publisert: 11.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 03.06.2021 18:57

Mer om